Sjølv om det ikkje er innført totalforbod enno, bed Fusa brann og redning, med brannsjef Gunnar Hatlelid i spissen, folk om å vera yttarst varsame ved bruk av open eld.
Sjølv om det ikkje er innført totalforbod enno, bed Fusa brann og redning, med brannsjef Gunnar Hatlelid i spissen, folk om å vera yttarst varsame ved bruk av open eld.

– Ver yttarst varsame

Brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen har innført totalforbod mot å gjera opp eld utandørs. I Fusa og Os er det førebels ikkje innført noko forbod, men folk vert bedne om å vera yttarst varsame.

Måndag ettermiddag kom det melding frå 110-sentralen i Hordaland om at det brann i gras og kratt i Djuvik i Fusa. Brannen var berre 1 av 6 brannar brannmannskap i Hordaland hadde å stri med i ettermiddagstimane. Heldigvis for fusingane var det berre snakk om ein liten brann.

– Det er ein brann vi ikkje skjøner så mykje av. Vi får melding frå forbipasserande om at det ryk frå ein gamal sponhaug. Av di staden ligg nær skog rykker vi ut både frå Eikelandsosen og Venjaneset. Når vi kjem fram er det ikkje snakk om meir enn tre-fire kvadratmeter som har teke fyr, og det er ikkje teikn til liv og folk, fortel Trygve Glesnes i Fusa brann og redning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Glesnes er takksam for at folk er flinke til å følgja med. Gårsdagens brann starta berre med litt ulming. Heldigvis var det folk i nærleiken som fekk sløkt raskt.

– Det er uhyre mykje skogbrannar for tida. Då vi kom til staden var det berre trong for ettersløkking. I tillegg dynka og sjekka vi litt i området rundt, seier han, og oppmodar samstundes folk om å vera svært varsome.

– Treng ei rotbløyte

Glesnes fortel at alarmen har gått på brannstasjonen i Fusa dagleg dei siste tre-fire dagane.

– Å brenna bål er ikkje det luraste ein kan gjera i desse dagar. I alle fall ikkje i nærleiken av skog og utmark, påpeikar han.

Ifølgje brannmannen er det berre ei skikkeleg rotbløyte som vil gjera skogbrannfaren mindre. Førebels ser det dårleg ut. Regnbygene Yr varsla tidlegare i veka, ser ut til å ha sigla rett forbi. Og på Storm sine nettsider er det berre snakk om nokre få millimeter med nedbør dei neste dagane.

– I Fusa har det ikkje vore ei einaste regnbyge på fleire veker, seier brannmannen som også er bonde.

– Både bønder og brannfolk har trong for litt vatn no, påpeikar han.

Ikkje forbod enno

Frå klokka 08 tysdag vart det innført totalforbod mot å gjera opp open eld i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen. Os og Fusa har førebels ikkje innført eit slikt forbod, men ifølgje Glesnes og vakthavande befal ved Os brann- og redningsvesen, martin Østgulen Svendsen, vert situasjonen i dei to kommunane vurdert fortløpande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi oppmodar uansett folk om å vera varsomme, og så lyt vi diskutera med brannsjefen og tilsette i kommunen kva vi skal gjera dersom finvêret held fram, seier Glesnes.

Brannmannen bed folk som skal grilla om å bruka sunn fornuft, og å vurdera situasjonen ut frå kva terreng ein har i nærleiken.

– Gassgrill var lov sjølv då det var innført totalforbod. Ved bruk av gassgrill er det minst fare for gnist. Det er gnistane som er skumle, understrekar han.

camilla.kvamme@osogfusa.no