- Ein fredfull plass, sa påtroppande verdspresident i Rotary, Ian Riseley. Han fotograferte ivrig.
- Ein fredfull plass, sa påtroppande verdspresident i Rotary, Ian Riseley. Han fotograferte ivrig.

Verdspresidenten i Rotary: Fasinert over Ramsholmen

- Dette er eit tiltak i beste Rotary-ånd! Den påtroppande verdspresidenten Ian Riseley i Rotary vitja Ramsholmen sjø- og helsesportsenter måndag føremiddag, og let seg fasinera av det han såg.

Riseley vart tatt imot av ordførar Marie Bruarøy, lokale medlemmer av Os Rotary Klubb med president Tore Rogne i spissen, og av guvernøren for region Vestlandet, Tore Rykkel.

Draumen

Ramsholmen ligg i Halhjemsosen like ut for ferjeleiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marie Bruarøy orienterte om Oselvaren som er kåra til «Norges nasjonalbåt». Øystein Moberg fortalde om draumen å skapa eit sjøsportsenter på Ramsholmen og om all dugnadsinnsatsen gjennom snart tjue år som ligg bak realiseringa av anlegget. Nesten all materiale – både av stål og tre - er gjenbruk.

Sjøsportsenteret på Ramsholmen er lagt til rette for rullestolbrukarar. Her er naust med toalettfasilitetar og forsamlingslokale i 2. høgda, telt- og grillplass og eigen fiskekai for rullestolbrukarar. I ei gamal laftestove vert det i desse dagar gjort plass for overnatting. På Ramsholmen er det tilgang på kajakkar. Os Rotary Klubb har også fått konstruert og bygd båten “Unik” som kan transportera passasjerar i rullestol. Ian Riseley fekk skyss ut til holmen i «Unik». Os brannvesen har fått båten i gåve og han vert driven i fellesskap av brannvesenet og Rotary.

God rekreasjon

Bergen og omland Friluftsråd har nyss kome inn som eigarar av Ramsholmen sjø- og helsesportsenter. Senteret skal drivast av Os Rotary Klubb i samarbeid med friluftsrådet. Framleis står det att noko byggearbeidd før prosjektet er heilt i hamn.

Øystein Moberg (t.v.) viste rundt og orienterte Ian Riseley om arbeidet med å realisera sjø- og helsesportsenteret på Ramsholmen.
Øystein Moberg (t.v.) viste rundt og orienterte Ian Riseley om arbeidet med å realisera sjø- og helsesportsenteret på Ramsholmen.
Ordførar Marie Bruarøy gav Juliet og Ian Riseley ein Oselvar i miniatyr.
Ordførar Marie Bruarøy gav Juliet og Ian Riseley ein Oselvar i miniatyr.

- Dette vert ein fredfull plass for god rekreasjon, oppsummerte den påtroppande verdspresident i Rotary, Ian Riseley.

Rotary er ein verdsomgripande organisasjon med 1,4 millionar medlemmer i over 200 land. Os Rotary har rundt førti medlemmer. Tillitsverva som leiarar både lokalt og internasjonalt går på omgang, og Ian Riseley frå Australia overtar som verdspresident 1. juli i år. Han har nyss vitja Danmark og Finland, og er ein snartur innom Bergen og Os før han dreg vidare til Island og USA.

post@osogfusa.no