Regjeringa legg opp til eit historisk kompetanseløft i barnevernet, og løyvingane aukar frå 30 millionar til over 80 millionar kroner i 2018.
Regjeringa legg opp til eit historisk kompetanseløft i barnevernet, og løyvingane aukar frå 30 millionar til over 80 millionar kroner i 2018.

Vidare vekst og investering for framtidas Norge

Budsjett for 2018 er lagt fram. Ein fremjar vekst og investering i norske arbeidsplassar. Ein satsar på forsking og utdanning, veg, bane, helsetenester og velferd i kommunane. Regjeringa har lukkast med politikken i ei krevjande tid med oljeprisfall og flyktningkrise, skriv Laila Reiertsen (Frp).

Dei fleste har nok allereie fått med seg nøkkeltala. Men det er mange djupdykk ein kan gjera der ein finn viktige endringar som kan påverka ditt og familiens liv vidare. Det er særs gledeleg at ein prioriterer barnefattigdom vidare. Regjeringa sin strategi mot barnefattigdom blei lagt fram i 2015. For første gong har ei norsk regjering laga ein eigen strategi mot nettopp barnefattigdom.

Like viktig som at barnefattigdom vert rangert høgt i landet, så må kvar einskild kommune og vera med å bidra til at ein set dette på dagsordenen. At foreldre har ein jobb, er den viktigaste faktoren for å unngå at barn veks opp i fattigdom. Difor er det viktig at kommunane satsar på eit godt og utviklande næringsliv. Slik at veksten går opp og arbeidsledigheita går ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg har ein innført rimelegare barnehageplass for familiar med låg inntekt og ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehagen for alle born i familiar med låg inntekt frå borna er tre år. I tillegg får ungdom i lavinntektsfamiliar meir i skulestipend. Den enkelte kommune bør også vurdera gratis SFO for desse familiane.

Målet er og å førebyggja at fattigdom går i arv og betra borns livskvalitet her og no.

4 av 10 innvandrarkvinner er utan jobb. God integreringspolitikk er å stilla krav og sørgja for at mor og far har arbeidsinntekt. Dette er og viktig å ha med seg for å hindra at born skal veksa opp i låginntektsfamiliar. Bufdir har utvikla eit nettverktøy som skal hjelpa kommunane i arbeidet mot barnefattigdom. Kommunane kan no få ein betre oversikt over kor mange som har levekårsutfordringar relatert til fattigdom. Målet er at fleire kommunar set i gang eigne tiltak som treffer born og familiar som treng det.

Regjeringa sette i gang ein ny ungdomsinnsats i 2017. Arbeids – og velferdsetaten vert styrkja med 70 millionar kroner i 2018 slik at unge ledige skal få raskare oppfølging frå NAV-kontoret og koma i arbeid eller fullføra utdanning. Målgruppa er ungdom under 30 år som etter åtte vekers ledigheit står utan tilbod om arbeid, utdanning eller anna hensiktsmessig aktivitet. Her må også kvar einskild kommune ha fokus på dette i saman med NAV. Der vil eg oppfordra kommunen og det lokale næringslivet til samarbeid for å hjelpa desse unge.

Regjeringa satsar og vidare på meir førebygging av vald og overgrep mot born, ei auka satsing på born i låginntektsfamilier og eit styrka barnevern for dei mest sårbare barna.

Regjeringa legger difor opp til eit historisk kompetanseløft i barnevernet, og løyvingane aukar frå 30 millionar til over 80 millionar kroner i 2018.Kompetansesatsinga er ein del av barnevernsreforma. Midlane skal gå til nye vidareutdanningar, opplæringsprogramm og utviklingsprosjekt i barnevernet. Regjeringa startar også arbeidet med å forbetra grunnutdanninga og styrkjar tilbodet om masterutdanningar, slik at fleire kan starta i jobben med gode faglege føresetnader.

Regjeringa aukar midlane mot vald og overgrep. Og her er det fleire departement som får midlar, sett opp mot den opptrappingsplanen ein la fram i 2016. Den samla satsinga innan dette feltet frå saldert budsjett i 2017 vert vidareført i 2018. Og ein aukar ytterlegare med 54 millionar i 2018. Ein del av desse midlane er tenkt til blant anna å prøva ut TryggEst; ein modell for risikoutsatte vaksne som har behov for vern mot vald og overgrep. Herunder kjem styrkja kapasitet og kompetanse knytt til medisinske undersøkingar i Statens barnehus. Styrkja politiet sin kapasitet og kompetanse til etterforsking i saker som gjeld vald og overgrep mot barn, inkludert barnehusa. Samt styrking av arbeidet mot internettrelaterte overgrep mot born.

I tillegg må nemnast at kommunane får eit tillegg på 200 millionar kroner til vekst i kommunesektorens frie inntekter i 2018 grunna i ein auka satsing på førebyggande tiltak for born og unge og familiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er klart at eit budsjett skal ha fleirtal. Men eg vil tru at dei fleste av desse områda eg har hatt fokus på i dette innlegget ikkje vert rørt. Gledeleg for born, unge og deira familiar.

Laila Reiertsen

Os Frp