Rådmann Christian Fotland la i går fram sitt budsjettforslag. Der føreslår han m.a. å avvikla den lokale kontantstøtta.
Rådmann Christian Fotland la i går fram sitt budsjettforslag. Der føreslår han m.a. å avvikla den lokale kontantstøtta.

Vil avvikla lokal kontantstøtte

Økonomi og omsynet til betre integrering av nye nordmenn er dei to viktigaste årsakene til at rådmannen føreslår å avskaffa den kommunale kontantstøtta.

I går kveld la rådmann Christian Fotland fram budsjettforslaget. Sjølv om rådmannen ikkje legg opp til kutt i tenestetilbodet, er det stramt framover, og det må sparast der ein kan. Innan oppvekst og kultur må det dessutan hentast inn utgifter knytt til private barnehagar, som Os og Fusaposten skreiv om før sommaren.

Hinder for integrering

I 2012 innførte eit fleirtal beståande av Frp/H/KrF den ekstra kontantstøtte for born i alderen mellom 19 og 23 månader, og dessutan 5.000 kroner i kontantstøtte for born i alderen 24–35 månader. Dåverande rådmann Knut Terje Rekve var skeptisk, og prøvde fleire gonger å føreslå å avskaffa ordninga. No tek altså hans etterfølgjar opp tråden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det utgjer 1, 8 mill. kroner per år. Me ser at det er ein god del som brukar kontantstøtte berre nokre månader, i påvente av at dei får barnehageplass. Det er ei stor forskjellsbehandling i høve til andre kommunar, sa rådmannen.

Han la også vekt på at kontantstøtta hindra god integrering.

– Me ser at mange av borna som har behov for god integrering mottar kontantstøtte. Her trur eg me bør gjera grep, sa rådmannen.

Sa nei sist

I budsjettforslaget står det at kostnaden i 2016 var på 1,848.000 kroner. Det blir teke høgd for at det kan bli noko auke i talet på born som ønskjer barnehageplass som følgje av endra kontantstøtte.

Når spørsmålet har vore oppe tidlegare har Frp/H ikkje villa røra kontantstøtta. Sist gong var i juni 2014.

Når saka no blir løfta fram att av rådmannen, vil det bli tematisert gjennom budsjettarbeidet i kommunen som startar i desse dagar, og som vil munna ut budsjettframlegg og endeleg vedtak i desember.

ol@osogfusa.no