Dei to lokallaga påpeikar at dei har mykje å læra både om og av kvarandre. I tida framover vil dei difor freista å få til felles formelle og uformelle møte og møteplassar for medlemene.
Dei to lokallaga påpeikar at dei har mykje å læra både om og av kvarandre. I tida framover vil dei difor freista å få til felles formelle og uformelle møte og møteplassar for medlemene.

Vil danna Bjørnafjorden Høgre

Representantar frå Os Høgre tok måndag kveld turen til Eikelandsosen for å møta kollegaer frå Fusa Høgre. Dette var første gong lokallaga møttest for å drøfta framtida no når kommunesamanslåinga er eit faktum.

- Til liks med dei andre partia skal Høgre stilla felles liste i Os og Fusa ved kommunevalet i 2019, og me ser det difor som naturleg å slå oss saman til eitt felles lokallag innan utgangen av 2018, seier Susanne Sperrevik og Ranveig Næss, leiarar i høvesvis Os Høgre og Fusa Høgre.

Dei skildrar møtet som særs positivt og prega av god dialog og velvilje frå begge partar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi ser fram til det vidare samarbeidet og trur at Høgre sin politikk vil kunna løfta fram det beste i heile den nye Bjørnafjorden kommunen, seier dei to

Sjølv om Sperrevik og Næss føler seg sikre på at medlemene vil støtta ei samanslåing, så står det att å gjera naudsynte formelle vedtak på årsmøta i november.

- Målet med ei samanslåing av lokallaga er det same som ved samanslåing av kommunane: Sjølv om vi er gode kvar for oss, trur vi at vi blir endå betre om vi foreiner krefter, heiter det i ei pressemelding.

Dei to lokallaga påpeikar at dei har mykje å læra både om og av kvarandre. I tida framover vil dei difor freista å få til felles formelle og uformelle møte og møteplassar for medlemene.

jostein@osogfusa.no