Prosjektsjef Halvor Hanevik, Næringssjef Daniel Skotheim og Sentrumssjef William Lindborg prøver å innføra ein ny køyrekultur i sentrum.
Prosjektsjef Halvor Hanevik, Næringssjef Daniel Skotheim og Sentrumssjef William Lindborg prøver å innføra ein ny køyrekultur i sentrum.

Vil endra bilistane sin køyrestil

Kommunen går ut med ein ny informasjonskampanje for å innskjerpa køyring og parkering i hovudgata.

Eit av hovudpoenga med det nye golvdekket på Osøryo er å signalisera at fotgjengarane har fått førsterangen. Men framleis køyrer mange bilane sine som dei alltid har gjort i sentrum: Dei parkerer der dei vil, og køyrer så fort dei vil.

– Det tek tid å endra folk sitt køyremønster. Me treng ei kulturendring, og det prøver me å få til ved å no gå tydeleg ut og informera, seier prosjektsjef Halvor Hanevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått ein del meldingar frå handelsstanden om at folk er forvirra. Nokre oppfører seg etter det nye systemet, medan andre oppfører seg som dei alltid har gjort. Folk spør kva kommunen eigentleg har planlagt, seier sentrumsleiar William Lindborg.

Dei fire køyrereglane

Os Sentrum og Os kommune går difor saman om å tydeleggjera reglane, og dei har trykt opp ein ny flyer som blir tilgjengeleg i alle butikkane i sentrum. Der står parkeringsreglane som gjeld i sentrum, og fire klare køyrereglar som gjeld i hovudgata:

1. Stopp alltid for fotgjengarar

2. Køyr sakte

Slik ser det nye parkeringsreglementet for Osøyro ut.
Slik ser det nye parkeringsreglementet for Osøyro ut.
Slik skal ein oppføra seg som bilist i sentrum.
Slik skal ein oppføra seg som bilist i sentrum.

3. Bruk sunn fornuft

4. Ikkje ta p-plassen til dei som skal handla

– Dette er kort oppsummert korleis me ønskjer at folk skal oppføra seg. Når me samlar det i ein enkelt flyer på den måten, er det tydeleg for alle korleis dei skal oppføra seg, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Prinsippet er Shared Space, delt rom, som tyder at både bilar og fotgjengarar skal nytta same byrommet, men at bilistane alltid har vikeplikt.

– Eg har stor tru på dette systemet. Det er berre det at det tek litt tid å venja folk til ein ny måte å køyra på, legg Lindborg til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje lov å parkera på båe sider av gata

Samtidig blir det tydeleggjort kvar det er lov å parkera og ikkje (Sjå bilete). Den største endringa i høve til korleis det har vore vanleg å parkera før, er at det ikkje er lov å parkera på båe sider av gata. På Øyro, mellom Nordisk Rom til Landboden, er det berre lov å parkera på rådhussida, medan det frå Landboden og fort til gamle banken berre er lov å parkera på Oshjørnet-sida. Framføre Orion er det altså ikkje lov å stå.

– Det er rett og slett ikkje plass til at bilar parkerer på båe sider av gata utan at farlege situasjonar oppstår, seier Lindborg.

Ved rådhuset er det ekspressparkering, dvs. 30 minutt. To timars-parkering mellom Joker og rådhuset, mellom Coop Prix og Instinct/Moberg Sko, samt ved Oshjørnet.

– Og så gjentek me at folk som jobbar i sentrum må finna seg ein annan stad å setja bilen. P-plassar i randsona av sentrum er sett av til det, seier Skotheim.

I det lange løp er det planlagt automatisk registrering av bilskilt, men det vil bli realisert først i samband med bygging av det nye parkeringshuset.

ol@osogfusa.no