Ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Reiertsen meiner at tida no er moden for å totalfoby tigging i bygda.
Ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Reiertsen meiner at tida no er moden for å totalfoby tigging i bygda.

Vil forby tigging i Os

NRK-dokumentaren vart dråpen i begeret, seier ordførar Marie Bruarøy. Os kan bli først ute med å totalforby tigging.

Både dei folkevalde og politiet har observert det: Ein stor varebil kjem køyrande med rumenske kvinner ombord. 10-12 kvinner vert sleppt av ved Plantasjen, Amfi og Osøyro.

- Når du møter ein tiggar på Osøyro, kan du vera ganske sikker på at det står ein tiggar til lenger oppe. Dei er aldri åleine. Det fortel meg at dette er noko organisert, seier ordførar Marie Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varaordførar Laila Reiertsen tok også problemstillinga opp i kommunestyret sist. No går dei til det steget å føreslå totalforbod.

– Me hadde møte i politirådet i dag, og lensmann Oddbjørn Dyrdal stør oss fullt ut i vårt ønske om å innføra eit tiggarforbod, seier Laila Reisertsen.

Dråpen i begeret

Dei fortel at gårsdagens brennpunkt-dokumentar vart dråpen i begeret. Dokumentaren fortel om eit kynisk nettverk som ved vald og trugsmål om vald held kvinner fanga, tvingar dei til å tigga og å prostituera seg, samtidig som bakmennene håvar inn pengane.

– Me har lenge vurdert å innføra eit slikt forbod lokalt, men no når me ser kor tydeleg politiet uttaler seg i dokumentaren og her lokalt, finn me at tida er moden, seier Bruarøy.

Politivedtektene skal uansett reviderast no, og der vil det lokale tiggarforbodet bli innført.

– Her i Noreg har me eit solid sosialt nettverk. Dei som treng hjelp skal få det. Men dei som kjem hit med eit kriminelt siktemål, må me slutta å stø opp om, seier ordføraren.

Ho oppfordrar alle osingar om å slutta å gje pengar til tiggarar som sit eller står rundt butikkane i Os.

– Dei hadde ikkje kome hit dersom ikkje osingane gav dei pengar. Dersom alle sluttar med det, blir politiets jobb mykje lettare, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan vera på plass til hausten

Dei vonar at dei reviderte politivedtektene -. som sist vart revidert i 1997 - kjem opp som sak i formannskapet 16. mai. Det kan bety endeleg vedtak i kommunestyret i juni.

- Deretter vil det ta tre månader før departementet vurderer vedtaket. Forhåpentlegvis har me tiggarforbodet på plass tidleg i haust, seier Reiertsen.

Ho legg til at høvet til å få på plass lokale tiggarforbod var noko av det første den sitjande regjeringa fekk på plass.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no