Kenneth Joseph i Fesenso AS og Tony Park frå Monit Corp ønskjer at Os kommune skal ta del i eit pilotprosjekt som involverer bruk av bleiesensor i eldreomsorga.
Kenneth Joseph i Fesenso AS og Tony Park frå Monit Corp ønskjer at Os kommune skal ta del i eit pilotprosjekt som involverer bruk av bleiesensor i eldreomsorga.

Vil ha kommunen til å ta i bruk ei verdsnyheit

Det var born og småbarnsforeldre som først stod i tankane til utviklarane av bleiesensoren Monit, men så såg dei at med litt justeringar, kan produktet vera minst like aktuelt innan helse og omsorgssektoren.

– Det var primært born som stod i tankane våre, men etter å ha fått respons frå dei som har fått prøva produktet, ser vi at bleiesensoren også er minst like anvendbar innan helse og omsorg, seier Kenneth Joseph, som står bak selskapet Fesenso AS – med adresse i Kolskogheiane.

Bleiesensoren gjev med ein gong beskjed via ein app om brukaren har tissa eller bæsja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då slepp ein å heile tida sjekke bleia, og brukaren slepp å ha det ukomfortabelt, fortel Joseph og held fram:

– Det er mogleg å leggja til falldetektor og andre funksjonar som gjer monitoren endå meir tilpassa eldre. No ønskjer vi å høyra kva Os kommune tenkjer om å ta del i eit pilotprosjekt, då med føremål om å tilpassa teknologien og sensoren til eldreomsorga. Med tilgang på kompetanse frå Monit Corp, og eventuelt brukarerfaringar frå Os kommune, vil vi potensielt kunne utvikla eit aktuelt og innovativt produkt kor spesielt brukarane sitt velvære og verdigheit er i fokus, seier Joseph.

Det var då Joseph var heime i pappaperm at han kom på ideen som skal gjera kvardagen enklare og betre både for småbarnsforeldre og born.

Måndag fekk representantar frå Os kommune høyra om ideen til Joseph og Park.
Måndag fekk representantar frå Os kommune høyra om ideen til Joseph og Park.

– Etter at eg hadde tenkt ideen, kom eg over ein artikkel om Monit corp, som hadde vunne ein konkurranse i Samsung-konsernet, med eit produkt som var nett det eg tenkte på. Dei hadde alt starta å utvikla det. Eg sende e-post og ringde dei og fekk til eit møte, fortel han.

Besøk frå Sør-Korea

Først møtte den lokale gründeren dei i San Francisco, før han reiste for å vitja dei i Seoul i heimlandet Sør-Korea. Dei to selskapa blei einige om eit samarbeid, og denne veka er administrerande direktør i Monit Corp, Tony Park, på besøk i Os.

– Produktet er lansert i Tokyo, men no skal vi lansera det i Noreg, og resten av Skandinavia og Europa. Det er eit heilt nytt produkt på marknaden, fortel Joseph.

Park fortel om god kjemi frå første møte med Joseph.

– Det er ikkje storleiken på eit firma som er avgjerande, men korleis dei tenkjer, kva som er målet og entusiasme. Fesenso viste stor entusiasme frå første møte og vi fekk god kjemi. Vi er godt nøgde med selskapet, seier Park som var positiv før møtet med kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Store IT-selskap som Google og slikt starta med støtte frå staten før dei bygde seg opp. Å få til ein avtale vil vera eit stort steg for oss. Dei eldre har betalt skatt heile livet og eg tenkjer at det er viktig å ta vare på dei. Det er ikkje opp til enkeltpersonar eller verksemder, men det offentlege.

Interessant og godt møte

Blant dei som møtte Fesenso og Monit måndag, var varaordførar Marie Bruarøy.

– Det var eit interessant og godt møte. Dei presenterte eit produkt som ikkje er ferdigutvikla, men som høyrast interessant ut. Vi har kopla dei med leiinga på Luranetunet og ei prosjektgruppe som jobbar med velferdsteknologi for Bjørnafjorden kommune, seier Bruarøy.

Det varaordføraren likte aller best, var at det er born og brukarar som står i fokus.

– Det handlar om barnet og andre brukarar sin komfort. Denne løysinga er gjerne rimelegare og enklare i bruk enn andre ting som vi har sett med tanke på bleiesensor tidlegare, seier Bruarøy og legg til:

– No vil vi sjå om det er interesse og behov for eit slikt produkt. Vi kan uansett ikkje gå rett på ein leverandør. Offentlege innkjøp skal skje via anbodsutlysing. Vi har ikkje gjeve lovnader om noko. Det var eit innleiande møte og vi lytta med respekt – slik vi gjer med dei som ønskjer å presentera noko.