Aurora Aksnes slo seg verkeleg laus i blomebutikken på Amfi Os på 21-årsdagen sin torsdag.
Aurora Aksnes slo seg verkeleg laus i blomebutikken på Amfi Os på 21-årsdagen sin torsdag.

Vil spela ein heilt spesiell plass i Os

All verdas suksess hindrar ikkje Aurora Aksnes frå å villa spela meir i Os.

Ho sit på huk framfor eit bugnande stativ med blomebukettar på AMFI Os. Det er torsdag ettermiddag og songstjerna frå Drange er i heimbygda for å kjøpa inn litt forskjellig til sin nyinnkjøpte leilegheit i Bergen.

Ro i sjela

Fjoråret vart eit reint rotterace kva turnéverksemd gjeld. I år er tempoet sett ned, men like fullt er det travle dagar for Aksnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gratulerer med dagen, Aurora! Er vesle Aurora blitt vaksen no?

– Hehe, nei, ikkje vaksen. Berre litt eldre. Eg er blitt 21, svarar Aurora.

Ho er rett nok i Os for å koma litt unna alt maset, men ein liten prat med Os og Fusaposten får gå.

– Dette er litt anleis. Å prata med dykk er ikkje så mykje oppstyr, smiler bursdags-jenta.

– Korleis skal du feira dagen?

– Det blir med pappa, mamma og søskena mine. Mamma bakar kake, så håpar eg å få ein tur på sjøen. Det hadde vore heilt herleg, seier Aurora og gestikulerer velkjent med armane.

– Litt ro i sjela på 21-årsdagen gjer godt?

– Ja, det gjeld å finn små pustehol i kvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Komponerer med harpe

Den siste tida har jo jobba mykje med å skriva låtar til oppfølgjaren til debutplata «All My Demons Greeting Me As A Friend».

– Nær halvparten av låtane er klare, så kan du seia at eg har dei mest kommersielle att å skriva, seier ho.

– Tyder det at dei du har skrive til no er litt meir utilgjengelege?

– Ja, det kan du kanskje seia.

– Kva komponerar du mest med for tida – gitar eller piano?

– Det er mest piano, men også harpe. Eg har nett lært å spela. Det er ikkje så altfor vanskeleg. Det er litt logisk, i alle høve for ein som spelar piano.

– Så veit eg at du tenkjer på å skriva ein norsk låt, eller to?

– Ja, eg er veldig glad i norsk folkemusikk. Eg kunne tenkt meg å skriva ein mollstemt låt i den stilen. Eg liker mystikken kring den gamle, norske folkemusikken, smiler ho medan ho flettar sine lyse lokkar.

Eige rede i Bergen

Aurora hadde eigentleg ikkje sett av all verda med tid til å prata med lokalavisa, men praten går radig, og plutseleg kjem pappa Aksnes inn frå sida og lurer på om ho snart kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har far min med meg på handel i dag. Me må kjøpa ei rekkje ting til den nye leilegheita mi.

Far hennar viser fram ein raud støvsugar.

– Var det nett ein slik du ville ha. Ein raud ein?

– Ja, det må vera litt farge på han, ler Aurora og stryk støvsugaren varleg.

Ho har ikkje kjærast, men skal ikkje bu åleine.

– Eg er «gift» med storesøstera mi Miranda. Ho og eg går veldig godt i lag, så eg er glad for at eg skal bu i lag med ho, fortel Aurora.

Ho får gå rimeleg i fred på kjøpesenteret i Os denne ettermiddagen. Medan Os og Fusaposten pratar med ho er det berre ein som spør etter autograf.

– Er det slitsomt med all merksemda av og til?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, og nei. Det er ikkje alltid ein har lyst å bli kjent att, men her i Os føler eg det er heilt greitt.

Intimkonsert i hole

Laurdag (i morgon) kveld spelar ho på plenen under Bergensfest. Dette blir hennar største konsert i heimbyen noko sinne.

– Det blir veldig kjekt. Eg har mange kjente som kjem for å sjå på, fortel ho.

Den vesle verdsstjerna har ikkje spelt på nær eitt år.

– Det var då eg spelte på Bastionen i fjor sommar. Det var veldig artig. Håpar det blir like bra no.

– Du har spelt to gonger i Oseana – blir det fleire konsertar i Os?

– Ja, det får eg håpa. Eg elskar å spela i Oseana. Men eg har også ein draum om å spela ein annan plass...

– Kvar då?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der nede med Solstrand (Hotel og Bad) er det ei hole i fjellet. Der er det svært stemningsfullt. Om det hadde late seg gjera, ville eg veldig gjerne ha gjort ein intimkonsert der inne. Det trur eg hadde blitt bra.

– Me får høyra med Børrea?

– Ja, gjerne det, smiler ho.

Hjarteleg velkomen

Børrea Schau-Larsen ved Solstrand Hotel og Bad er beæra av at Auoroa vil spela i grotta på Solstrand.

– Om det no viser seg at ho vil gjera ein intimkonsert hos oss ein gong, så er ho hjarteleg velkomen. Aurora er ein utruleg flott representant for bygda vår, seier Schau-Larsen.

Ho fortel at det er mange gjester som spør om Auorora.

– Me merker at me har ei verdsstjerne frå bygda. No har ikkje me tenkt å booka ho, men om ho ein gong tek initiativ til å spela her sjølv, så vil me vera med og leggja til rette for det, avsluttar Schau-Larsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no