(
(

Vil støtta Osfest, men ikkje med 500.000 kroner

Tysdag skal formannskapet handsama søknaden om støtte på 500.000 kroner til Osfest. I saksutgreiinga skriv kultursjef Lisbeth Axelsen at det er viktig å stetta festivalen, men ho vil ikkje rå politikarane til å løyva heile beløpet til festivalen.

– Det krev langsiktig satsing og gradvis oppbygging for å innarbeida ein ny festival. Difor har det vore viktig for Os kommune å stetta festivalen i denne fasen. Totalt for alle fire festivalar har det vore løyvd 1.350.000 kroner i kommunale tilskot. I 2017 blei det løyvd 250.000 kroner, skriv Axelsen, som meiner at tilskotet til Osfest bør spegla andre løyvingar som blir gjevne.

– Kultursjefen er nøgd med alle tilskot som blir gjeve til kunstnarleg utfalding, då dette er aktivitetar som skaper glede og opplevingar for dei som tek imot. Osfest er også ei slik hending som mange gler seg over, og som Os kommune bør stetta. Det blir difor innstilt på 200.000 kroner som tilskot til Osfest 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ikkje gje eit fast beløp

Primus motor for Osfest, Tor Egil Hylland, skriv i søknaden at dei ønskjer ein meir føreseieleg framtid. Difor ønskjer dei eit fast beløp – på 500.000 kroner – i støtte i åra som kjem. Dei ønskjer også å vita kva som skjer med lokasjonen til festivalen dei neste åra. Kultursjefen rår til at ein ikkje innarbeider eit fast tilskot i økonomiplanen.

– Dette kan skapa presedens for tilskot til andre aktørar av liknande art, skriv Axelsen.

Det er søkt om kr 500 000,-. I lys av kor mykje kulturmidlar Os kommune løyver årleg til lag og organisasjonar, er dette eit stort beløp. For 2018 er det i budsjett sett av 1.667.000 kroner, kor ein million er KUP-midlar. Dei resterande 667 000,- er kulturmidlar til lag og organisasjonar fordelt på idrett, kunstnarleg utfalding og aktivitetar for born og unge. Fokuset på tilbod til born og unge vekta tungt.

Kan koma til å kutta litt

Hylland har registrert svaret frå kultursjefen, og er ikkje overraska.

– Det ser ut til å gå som i fjor. Me søkte om 500.000 kroner. Kultursjefen meinte at 200.000 var eit greitt beløp, og så fekk vi til slutt 250.000 kroner. Eg trur at noko liknande kjem til å skje i år også, men eg håpar sjølvsagt at vi får beløpet som vi har søkt om, seier Hylland.

– Får de noko konsekvens for avviklinga av Osfest, om beløpet blir slik kultursjefen rår?

– Nei, eller det vil seia, det kan koma nokre små kutt, som til dømes på telt. Me hadde planar om å ha mange telt klare om det skulle bli dårleg vêr. Det er på slike ting det vil bli kutta i så fall – ikkje på artistar eller produksjonen kring dei, seier Hylland og legg til:

– Om vi hadde fått den halve millionen som vi søkte om i fjor, så kunne vi kanskje ha unngått konkurs. Eg seier ikkje at det er kommunen sin feil at det gjekk som det gjorde. Misforstå meg rett. Om ikkje vi kjem i mål, så er det ikkje kommunen sitt ansvar å koma og hjelpa oss ut av knipa, seier Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje einige

I saksutgreiinga skriv Axelsen at ho fryktar at ein fast avtale med Osfest om eit årleg tilskot, vi kunna skapa presedens. Det tru Hylland er lite sannsynleg.

– Om nokon ønskjer å starta noko liknande som oss i Os – så ønskjer eg dei lukke til. Dei må gjerne prøva. Eg kan ikkje sjå at nokon kjem til å gjera det. Elles er det ikkje, som eg kan sjå i alle fall, nokre arrangement som liknar på Osfest.