Marianne Kramer oppfordrar folk til å halda fram med å drikka springvatn, trass i at det er ukjent kor mykje mikroplast som er i lokale vasskjelder.
Marianne Kramer oppfordrar folk til å halda fram med å drikka springvatn, trass i at det er ukjent kor mykje mikroplast som er i lokale vasskjelder.

Vil vurdera mikroplast-situasjonen

9 av 11 undersøkte norske vassprøvar viser at det er mikroplast i drikkevatnet vårt. Korleis er situasjonen i Os og Fusa?

Hovudoppslaget til VG torsdag var basert på undersøkingar frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) som har teke stikkprøvar rundt om i landet.

– Vannet i springen til hundretusener av nordmenn kan være forurenset med bitte små plastbitar,skriv avisa. Mattilsynet er overraska over funnet og Miljødirektoratet meiner det er grunn til å vera bekymra. Nokre av dei største kjeldene til mikroplast er restar frå bildekk, kunstgrasbanar, og fiber frå klesplagg. Mykje av plasten hamnar i havet, og derifrå hamnar det i krinslaupet via nedbør og vind til vatn som blir nytta til drikkevatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veit lite om stoda i Os

I VG sin test kjem drikkevatnet i Bergen ut relativt godt i høve til dei stadene med størst utslag (Trondheim og Skullerud i Oslo) og har ca. éin partikkel mikroplast per liter vatn.

– Har de undersøkt vatnet i Os for dette, teknisk sjef Marianne Kramer?

– Førebels har me ikkje oversikt om det finst mikroplast i drikkevatnet vårt. Men vasskjelda Krokavatnet ligg svært beskytta til, og det er minimalt med aktivitet nær vasskjelda. Det gjev oss grunn til å tru at me ikkje har mykje mikroplast, seier Kramer.

Når det gjeld Søvikvatnet ligg også det relativt verna til, men noko nærare busetnad og vegar.

Stoda ved kommunale vasskjelder i Fusa

I Fusa har dei fleste innbyggjarane vatn frå ikkje-kommunale vasskjelder. Einingsleiar for teknisk drift i Fusa kan difor berre svara for dei 1.000 personane som får vatn frå kjeldene på Skjelbreid og på Helland (Eikelandsosen).

– Båe kjeldene er grunnvasskjelder, og då kan eg ikkje tenkja meg at det er noko særleg plastureining der. På Helland renn vatnet riktig nok på overflata i 50–60 meter før me tek det inn i nettet, men det må i så fall vera svært lite, seier Havsgård.

Han legg likevel til at det ikkje har vore testa.

– Ikkje slutt å drikka springvatn!

Sidan dette er eit relativt nytt problem, etterlyser Kramer fleire undersøkingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er jo eit tema bransjen så langt ikkje har hatt noko særleg fokus på, men det er viktig at det blir meir undersøkt, seier Kramer.

– Vil de undersøkja det her lokalt?

– Først må me setja oss inn i korleis ein bør handtera det. Det vil bli fokusert på i 2018, seier Kramer.

Ho understrekar at folk ikkje må slutta å drikka vatn som følgje av den mikroskopiske mengda plast det kan vera i enkelte vasskjelder.

– Vatn er vårt viktigaste nærmiddel som kroppen er heilt avhengig av. Det er ikkje grunnlag for å fråråda folk å drikka springvatn, seier ho.

ol@osogfusa.no

Her kan ein lesa meir informasjon om problemet: https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/forurensning/innsiktsartikler-forurensning/marin-forsopling-og-mikroplast/id2339872/

* Mikroplast er dei mikroskopiske partiklane plast blir nedbrote til når det hamnar ute i naturen.

* Dei er mindre enn 5 mm i diameter

* Bildekk, kunstgrasbane, tekstilar og kosmetikk er store kjelder

* Dyreplankton og småfisk får det i seg og det spreier seg vidare i næringskjeda

* Det uvisse knytt til om det er farleg for menneske å få mikroplast i seg