Os tapte sin tredje kamp på rad borte mot Sotra i dag. Kampen enda 3-1 og Rafael Villen skåra osinganes mål.
Os tapte sin tredje kamp på rad borte mot Sotra i dag. Kampen enda 3-1 og Rafael Villen skåra osinganes mål.

Villen-mål ikkje nok

Rafael Villen sikra leiing til Os rett før halvtimen var spelt borte mot Sotra, men heimelaget slo kraftig tilbake.

Os tok kommando mot Sotra og skåra først, men heimelaget hadde snudd kampen då pausesignalet gjekk. Villens skåring var eit flott skot frå 20 meter ifølgje rapportane. Leiinga klarte Os å halda på i om lag ti minutt, og etter utlikninga kom gjekk det berre nokre få minutt før Sotra viste at også dei kan skyta langskot. 2-1-målet til heimelaget var ifølgje rapportane eit draumetreff frå avstand som suste inn i krysset bak Hille i Os-buret. Andreomgang var ung då heimelaget auka til 3-1 etter eit sjølvmål frå Cardoso i Os-forsvaret. Os gav seg ikkje, og var det beste laget ut kampen, men det ville seg ikkje heilt. Sotra skal mellom anna ha redda eit forsøk på strek. Etter sommarkvilen starta Os godt med to sigrar, mellom anna 4-3-thrilleren mot Lysekloster, samt ein uavgjort. Sidan har det blitt tre tap på rad. Sotra er avdelingas formlag, og står med fem av seks sigrar sidan pausen i sommar.