(
(

Villmannskøyringa held fram på Nore Neset

Åtvaringar frå politiet ser ikkje ut til å påverka dei som driv med hasardiøs køyring med mopedar og lettmotorsyklar på Nore Neset.

Den siste månaden har politiet fått fleire klager omhasardiøs køyring på Nore Neset. Meldingane går på at moped- og lettmotorsykkel-førarar køyrer fort, på eitt hjul og på fortau i området. Sist veke sa politioverbetjent Audun Hadler-Olsen til Os & Fusaposten at dei veit at det er lokale som køyrer stygt i området, og at politiet vil oppmoda til å bruka fornuft og til å følgja vegtrafikklova. Køyringa som er skildra, er grunnlag for førarkortbeslag, fortel Hadler-Olsen.

Rykte ut tysdag kveld

Tysdag kveld i 21-tida, fekk politiet på ny melding om det same problemet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er den same meldinga som vi har fått fleire gonger, uvitig køyring med mopedar og lettmotorsyklar. Politiet rykte ut, men vi såg ingen. Dei er raske til å koma seg vidare. Vi er merksame på problemet, seier Hadler-Olsen.