Sju år med freestyle-dans har gjeve resultat. På rommet sitt i Hjertlandsvegen har 16-åringen veggen full av premiar.
Sju år med freestyle-dans har gjeve resultat. På rommet sitt i Hjertlandsvegen har 16-åringen veggen full av premiar.

Vinnaren av U18: – Trening er min beste medisin

For å halda barneleddgikta i sjakk må ho ta cellegift ein gong i veka. Likevel er Martine Blomberg overtydd om at treninga er viktigaste medisin.

Vinnaren av Os & Fusapostens U18 – Rein lidenskap-konkurranse møter oss i døra i Hjertlandsvegen på Søfteland. 16-åringen veit ingenting om at me kjem.

– Nei, er det sant. Å så utruleg moro, er hennar spontane reaksjon medan ho får overrekt blomar og vinnarsjekk frå redaktør Jostein Halland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Var det ingen i heimen som røpte at det var noko på ferde?

– Eh, pappa var litt på det at eg måtte halda meg inne, men eg visste jo ikkje kvifor han spurde, smiler den sjarmerande og vitale ungjenta.

Jaktar fleire NM-titlar

Sju år etter at ho starta å dansa, og fire år etter at underteikna intervjua ho første gong, er Martine blitt ein etablert toppdansar i freestyle-sirkuset i Noreg. Ein visitt på jenterommet i andre etasje viser til fulle kva den glade dansaren har prestert dei siste åra.

– Eg ser du har måla veggene svarte. Det gjer seg, det?

– Ja, pokalane kjem godt til rette på den veggen der, ler ho.

Å, for ei samling!

– Det er blitt nokre premiar. Oppe til venstre ser ein NM-tittel-pokalane eg tok som 11-åring. Eg var for ung til å kunna kalla meg noregsmeister, men det var jo det eg var.

Siste NM-tittel tok ho i champ-klassen for 14-16-åringar i 2016. I 2019 jaktar ho ny NM-tittel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sidan starten av 2017 har eg konkurrert på det høgste nivået i Noreg – eliteklassen. Målet for denne sesongen er å ta gull i elite for 16-18-åringar, slår ho fast.

Kontroll på sjukdomen

Skal ho lukkast, må ho kunna trena jamt og trutt framover, og ikkje bli unødig hefta av sjukdomen.

– Eg held smertene og utfordringane med leddgikta i sjakk med cellegift. Ei sprøyte i veka, fortel Martine, før ho legg til.

– Me kan ikkje ta noko dansebilete, for eg tok sprøyta i går kveld og blir så lett kvalm i tida etter.

– Det må vera utfordrande?

– Ja, men eg er van med det.

– Korleis hadde du hatt det om du ikkje hadde teke cellegift?

– Vanskeleg å seia, men eg hadde nok ikkje kunna konkurrera. Eg tek også ein ny bio-medisin som hjelper med å halda sjukdomen i sjakk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du trenar kvar dag. Kva har det å seia? Blir ikkje du verre av det?

– Nei, tvert imot. Treninga er den beste medisinen. Det får meg gjennomvarm i heile kroppen, strekkjer ut ledd og styrkjar musklane rundt ledda. Dessutan gjer trening meg i godt humør, og det er viktig, ler Martine.

Gode hjelparar og vener

Medan me sit og pratar må ho stadig «klypa» seg i armen og kikka litt ekstra på blomane og sjekken på 10.000 kroner som ligg på kjøkenbordet.

– Trenaren min, Mari Axelsen, skal i alle høve ha halvparten av æra for at eg har nådd så langt som eg har gjort. I tillegg må eg få takka mamma og pappa, som har støtta meg så godt heile vegen. Utan dei kunne eg ikkje drive med denne sporten. Det er sikkert.

– Du fekk over 5.000 stemmer. Korleis er det mogleg?

– Haha, eg veit ikkje. Det er heilt utruleg.

– Men du mobiliserte litt?

– Jaudå, me fekk med mange frå dansemiljøet. Det hyggjelege var at fleire av konkurrentane mine hjelpte til. Dei unna meg denne premien, samstundes som me bruker å hjelpa kvarandre fram, også for å fremja sporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Stemmene kom ikkje berre frå Bergen?

– Nei, eg hadde også vener i Oslo som delte videoen. Eg er takksam for alle som hjelpte til.

Støtte til reise

Alt i februar er Martine klar for ny konkurranse i freestyle. Konkurransen går på Austlandet.

– 99 prosent av konkurransane er der, så i snitt reiser eg bort ein gong i månaden.

– Premien her held kanskje til to turar?

– Ja, dei kan gjerne gjera det. Om ikkje eg kjøper ny konkurransedrakt.

– Ei slik drakt kostar vel litt?

– Ja, dei ligg på rundt 10.000 kroner. Eg liker i grunnen ikkje dei så veldig godt. Eg synest dei er litt «too much», men slik er no denne sporten. Skal ein hevda seg, så må ein ha det rette utstyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så pengane kjem uansett godt med?

– Det er heilt sikkert. Tusen takk, og takk til alle som har stemt på meg.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no