I desember og januar blir det råd å parkera her.
I desember og januar blir det råd å parkera her.

Vinter-parkering på grusbanen

I den travle førjulstida blir det opna opp for ekstra parkering på grusbanen ved Os ungdomsskule.

I ei pressemelding frå næringssjef Daniel Skotheim går det fram at Os kommune og Os sentrumsforeining har vorte samde med Os Ungdomsskule om bruk av grusbanen. Dei to første vekene i desember er det snakk om halve grusbanen, medan det frå 15. desember av går an å nytta heile banen.

– Ordninga vil vara fram til godt ut på nyåret, og skal vera med og løysa ein til tider utfordrande parkeringssituasjon på Osøyro som er fylt med meir og meir liv, seier Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjerde skal merka parkeringsplassane

For å ordna parkeringa på grusbanen reint praktisk vil det bli sett opp sikkerheitsgjerde.

I det lange løp er planen å byggja parkeringshus på Circle K/Brannstasjon-tomta, men fram til det står klart må ein ty til midlertidige løysingar.

– Me oppfordrar også folk som jobbar i sentrum eller skal opphalda seg i sentrum over lenger tid, at dei tek plassane i randsona i bruk, seier Skotheim.

ol@osogfusa.no