Andre pinsedag og 4. juli er faste treffdagar for Os Amcar Club.
Andre pinsedag og 4. juli er faste treffdagar for Os Amcar Club.

Viser seg fram utanfor Amfi Os

Tradisjonen tru inviterer Os Amcar Club til treff andre pinsedag. Denne gongen utanfor Amfi Os.

– Etter årevis med samlingar på Os vidaregåande skule flyttar me no arrangementet til Amfi. Håpet er at me vert meir synlege for folk, og at treffet dermed vert meir besøkt enn tidlegare, seier Dag Andersen i Os Amcar Club.

Ventar 100 bilar

Andersen har ikkje konkret tal på kor mange gonger klubben har arrangert treff for amerikanske bilar på nettopp andre pinsedag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein tradisjon som går mange år tilbake. Dei siste 10-12 åra har me vore på Os vidaregåande skule, og før den tid var me samla andre stader, fortel han.

Totalt ventar klubben kring 100 amerikanske bilar.

– Me har 130 medlemer i klubben vår. Mange av oss stiller med biler, men me får også ein god del gjester, seier Dag, som truleg stiller med sin Ford Scyliner 1959-modell.

– Blir det motorsyklar også?

– Nei. Me prøvde det i fjor, men landa på at det er best med berre bilar.

Tre kåringar

For deltakarane er det mogleg å hevda seg i tre kåringar – beste Pick-up, beste personbil og den såkalla «Peoples choice»-kåringa.

– I dei to første kåringane er det ein jury som kårar dei to beste i kvar klasse. I «Peoples choice»-klassen er det publikum som stemmer på beste køyrety uavhengig av biltype. Her vert det premie til første-, -andre og tredjeplass, fortel Andersen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no