Viste bort russ etter klage om støy
Fem russebilar fekk beskjed frå politiet om å skru ned musikken som hadde heldt naboar på Nore Neset vakne.
– Av loggen ser det ut som at dei har samla seg på Nore Neset i nærleiken av Skorvane barnehage og Nore Neset barnehage. Sikkert på den store parkeringsplassen som ligg i området der. Naboar melde frå om at dei var lei av å høyra på den høge musikken dei hadde heldt gåande i over ein time, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.
Politiet rykte ut og gav russen beskjed om å avslutta på staden. Dei ser ut til å gjort som dei fekk beskjed om.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kom i alle fall ikkje fleire klager, fortel Kolltveit.
Russepresident Vegard Skeie, fortel at dei alt var i gang med å pakka saman då politiet kom klokka 23.
– Vi veit at det skal vera ro frå klokka 23.00. Difor pakka vi saman og reiste til Sigurdsvika, der vi har lov til å vera, seier han.
Poliitet hadde også trafikkontroll ved Ulven leir natt til laurdag.
– Frå kvart på fire til nærare halv fem blei det kontrollert åtte bilar. Politiet fann ikkje noko å reagera på.