Eit parkeringsanlegg med fleire etasjar bustader oppå kan etablerast på Statoil/ Circle K-tomta først etter at dagens bensinstasjon er avvikla våren 2018.
Eit parkeringsanlegg med fleire etasjar bustader oppå kan etablerast på Statoil/ Circle K-tomta først etter at dagens bensinstasjon er avvikla våren 2018.

Viste fram mogleg p-hus

Skisse til nytt parkeringshus (inkl. bustader) på Statoil-tomta blei vist fram i dag. Men det spørst om det vil dekkja behovet.

I formmannskapet i viste adm. leiar for parkeringsutvalet, Daniel Skotheim, fram den nye skissa som kan koma på Statoil/Circle K-tomta.

– Dagens bensinstasjon flyttar ut våren 2018, og Os kommune går inn som eigar. Då rår utvalet til at det blir bygt p-anlegg der og på deler av nabotomta (Stegen 4), sa Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

500 p-plassar for lite

Han viste fram eit reknestykke som konkluderte med at Osøyro dei neste fem åra vil mangla mellom 600–800 p-plassar. P-huset vil difor berre dekkja ein del av behovet. Tidlegare er det estimert at p-huset vil romma mellom 200 og 300 plassar. Behovet for nye parkeringsplassar oppstår blant anna i samband med nye bustadprosjekt i Landboden, Jordmorsvingen, Bjørne- og Handlegården. I tillegg er det planlagt å ta vekk p-plassar framføre rådhuset, ved Esso-tomta og Hotell-tomta.

– Det reknestykket skal eg la synka inn litt. Dette er årsaka til at me må byggja nye p-hus, sa Daniel.

I tillegg til p-hus ved Statoil-tomta, er det også vurdert å etablera eit p-anlegg under grusbanen ved Os ungdomsskule. Men det kjem på eit seinare tidspunkt.

– Vil heller ha fjellanlegg

Nils-Anders Nøttseter (MDG) sa at han ikkje var heilt nøgd med framlegget som han meinte nedprioriterte parkeringsanlegg i fjell. Dette alternativet har vore drøfta, og han meinte at parkeringsutvalet (der han sjølv sit) ikkje hadde fått nok informasjon om dette til å ta stilling i favør eit p-hus-anlegg.

– Eg siterer Gustav Bahus: «Buy land, they don’t make it anymore», sa Nøttseter. Dette var eigentleg eit sitat frå Mark Twain, og viser til kor verdfullt ein avgrensa ressurs som areal i dagen er. Medan fjellanlegg er blitt rimelegare, ifølgje Nøttseter. Han etterlyste difor eit svar på kvifor det ikkje var lagt fram noko reknestykke på eit fjellanlegg.

– Fjellanlegg blir dyrare

Prosjektsjef Halvor Hanevik svarte at det var kostnaden som gjorde det.

– Det vil vera dyrare. Ein gjorde utrekningar på p-anlegg i fjell i samband med OHARA som eg har sett. Og dei viser det, sa han.

– Men då me var i Arendal, som var best i klassen, viste dei at dei hadde bygt i fjell og gjort det rimeleg, innvende Nøttseter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ønskte difor å endra på vedtaket i formannskapet knytt til dette. Marie Bruarøy svarte at formuleringane var såpass generelle at dei ikkje hindra p-utvalet i å gå inn i denne problemstillinga i framtida.

Vedtaket

Gjennom eit samrøystes vedtak slutta formannskapet seg deretter til følgjande tilråding:

Det vert også rådd til at det vert bygt p-anlegg på Statoil/Cirkle K tomta (gardnr. og bruksnummer 52/430 og delar av Stigen 4 (gamle brannstasjonen)), der det vert dimensjonert for ein mogleg vidareutvikling/bygg på øvste plan – næring og/eller bustad. P-anlegg må òg plasserast og vert planlagt slik at ein framtidig mogleg panlegg i fjell kan realiserast.

Det vert rådt til at det på sikt byggjast p-anlegg under grusbanen ved Os Ungdomsskule. P-anlegg i dette området vil primært ta unna tilsette i Os sentrum, kommande bebuarar i tilknyting til utvikling av Landboden og vitjande i Os Sentrum. Det vert rådt til at det vert etablert pendlarparkering i randsona til Os sentrum eller på strekninga Byvegen mellom Osøyro og kryss Industrivegen/Tøsdalsvegen.

ol@osogfusa.no