Carl-Otto Curran og Thea Hauge er på plass i Kina for å delta i VM i bridge.
Carl-Otto Curran og Thea Hauge er på plass i Kina for å delta i VM i bridge.

VM-tur også på Carl-Otto

Carlo-Otto Curran er teken ut til å representera det norske U21-landslaget i VM i bridge.

Meisterskapen går av stabelen i Kina, nærare bestemt rett utanfor Shanghai. Den norske delegasjonen er alt reist av garde. Konkurransen starta like før helga og skal vara i inntil to veker.

Må dekkja kostnadene

Norsk Bridgeforbund sender totalt tre lag til VM i Kina. Frå før var U16-laget kvalifisert gjennom sin femteplass i EM i fjor, medan Thea Hauge og dei norske U21-jentene fekk invitasjon tidlegare i sommar. Laget består av seks spelarar – fem av desse var med også i 2016. I tillegg er Ida M. Øberg som spelte på U16-laget i EM i Slovakia 2017, teken ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gutane sitt U21-lag fekk ikkje invitasjon før for eit par veker sidan. Desse må også betala mykje av reisa av eiga lomme, sjølv om speleskjorter og startavgift vert dekt av forbundet.

Seksmannslag

Carl-Otto Curran stiller som del av eit seksmannslag og skal jobba for gode resultat i lag med Arne Osnes Devik frå Breim BK, Simen Sørlie Helgeby, Holmestrand BK, Markus Lund, Heimdal BK, og Kristian Barstad, Ellingsen NPC. Sistnemnde vert også lagleiar for laget.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no