Vokalgruppa Winckel er Guro Dugstad, Kristine Bjånes, Mari Lyssand og Elin Hestenes. Torsdagens konsert på Hannes er nummer to av tre på ein miniturné.
Vokalgruppa Winckel er Guro Dugstad, Kristine Bjånes, Mari Lyssand og Elin Hestenes. Torsdagens konsert på Hannes er nummer to av tre på ein miniturné.

Winckel spelar på heimebane

Nystarta Winckel er på miniturné. Torsdag er turen komen til Os.

Vokalgruppa Winckel er Guro Dugstad, Kristine Bjånes, Mari Lyssand og Elin Hestenes. Torsdagens konsert på Hannes er nummer to av tre på ein miniturné. Sist veke hadde vokalgruppa konsert på Stord, og neste torsdag syng dei på Café Sanaa i Bergen.

- Repertoaret er breitt og fleksibelt – her er alle sjangrar lov. Winckel serverer vokale godbitar frå pop og soul til viser, med litt rock, country og klassisk innimellom, lokkar Mari Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med ei over gjennomsnittet sterk interesse for stemmebruk, prøver Winckel stadig ut kva som er mogeleg å få til med fire stemmer i nyskrivne vokalarrangement.

- Velkomen til ein underhaldande, uformell og triveleg konsert. Me håpar sjølvsagt det blir fullt hus på Hannes, avsluttar Lyssand.

jostein@osogfusa.no