Yes, we feel good too.
Yes, we feel good too.

Yes, we feel good too

Untouchebl(u)es var hyra inn for å folk tidlegare ut på kvelden. Tord Søfteland & co gjorde jobben, og røpte i same rennet at dei stiller på Osfest i august.

For fjerde året på rad drog Os Live i gang minifestival i Nore Neset Aktivitetshus på årets nest siste kveld. Utgåve 2018 vart rekord-god.

– No kosar eg meg. Når eg ser folk renna inn døra, og at folk nede i hallen har det bra. Då har me som balar med dette også det bra, smilte Tor Egil Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko fintelling var dei ikkje klar med, men at det bar mot ny rekord var det ingen tvil om.

– Bortset frå i 2016 har det vore jamn stigning. I fjor hadde me 560 inne. No blir det langt fleire, konstaterte vesle nyttårsaftan-sjefen.

Etter å ha konferert med dei i billettavdelinga kom han tilbake.

Smilene sat laust for dei som heiv seg på dansegolvet.
Smilene sat laust for dei som heiv seg på dansegolvet.
– Me er veldig stolte. Dei er kjempeflinke, sa tvilling-søstrene.
– Me er veldig stolte. Dei er kjempeflinke, sa tvilling-søstrene.
Otto Hægland var sjølvsagt kledd for Bluesbrothers-musikk.
Otto Hægland var sjølvsagt kledd for Bluesbrothers-musikk.
Camilla Søfteland, Elida Sofie Kords, Lea Dyrdal Andersen og Paulina Julia Wejnerowska koste seg som frivillige på arrangementet.
Camilla Søfteland, Elida Sofie Kords, Lea Dyrdal Andersen og Paulina Julia Wejnerowska koste seg som frivillige på arrangementet.
Øystein Hjelle lærte å dansa swing av UT-gitarist Håkon Bruarøy. Søndag var han og kjærasten Renate Helland i storform.
Øystein Hjelle lærte å dansa swing av UT-gitarist Håkon Bruarøy. Søndag var han og kjærasten Renate Helland i storform.
Geir Magne Moberg og Gina Aspenes storkoste seg på scenen.
Geir Magne Moberg og Gina Aspenes storkoste seg på scenen.
Gjett om det var mange som kunne svinga seg når soul-kollektivet spelte opp på scenen.
Gjett om det var mange som kunne svinga seg når soul-kollektivet spelte opp på scenen.
James Browns I feel good.
James Browns I feel good.

– Me har krin 570 selde billettar no. I tillegg har me 50 på gjesteliste. Eg trur me bikkar 700 inne på huset, innan kvelden er over, sa Hylland.

Solide saker

Det starta i sju-tida søndag. Runa Solberg spelte opp ei times tid, før det 15-manns, og kvinnelege kollektivet i Untouchebl(u)es inntok scenen. Normalt bruker det å vera lite folk når dei første set i gang med å spela. Denne gongen var det folk på dansegolvet alt etter første låt.

Då Tord Søfteland midtveges i programmet drog "I feel good" var det meir enn tydeleg at det gjorde også publikum.

Elles var det bassist Geir Magne Moberg som leidde mes an på vokal. Øyane-musikaren var stødig og god, og i strålande godt humør.

– Dette er moro. Dette er verkeleg moro, ropte han frå scenen. Etterpå var han meir enn nøgd med kvelden så langt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var litt vanskeleg å høyra seg sjølv, men du verden kor moro det var å spela for så mykje folk igjen. Me vart hyra inn for å få folk tidlegare ut. Det må eg seia at me lukkast bra med, ler Geir Magne.

– Så offentleggjorde de at de også spelar på Osfest neste sommar?

– Ja, det var heile tida planen, og i samråd med Tor Egil bestemte me oss for å annonsera det alt i kveld, om alt var vellukka. Det var det jo.

Fleire og fleire cowboyhattar

Etter soul-kakofonien med korjenter, blåserekkje og det funkye groovet, var det igjen tid for Runa til å spela. På ei lita opphøgd scene i hjørnet hadde han full styring. Låtane fengja godt, og reint musikalsk bar det meir og meir over i det cowboy-aktige landskap, med norske tekster og rednex-brøl.

Jaudå, me skjønte at det nærma seg Gunslingers og ektefølt cowboy-poesi frå Tørvikbygd i Hardanger. Men så fort skulle det ikkje gå. Runa måtte spela lenger ettersom gitaristen i bandet stod fast på Kaland grunna ein brann. Etter kvart fann han vegen over Fanafjellet, og så kunnne den noko yngre mest ivrige  cowboy-fansen finna vegen fram til scenen og stemma i for allsong.