Eit ekstra argument for nynorsk, er at dialektane på Vestlandet har mykje meir til felles med nynorsk enn med bokmål. Biletet er frå april i år, då kommunalt tilsette fekk førstehjelp i nynorsk frå Vidar Lynghammar frå Arkitekst.
Eit ekstra argument for nynorsk, er at dialektane på Vestlandet har mykje meir til felles med nynorsk enn med bokmål. Biletet er frå april i år, då kommunalt tilsette fekk førstehjelp i nynorsk frå Vidar Lynghammar frå Arkitekst.

Nynorsk - best i vest

Det er snart tid for innskriving av 6-åringar til neste års førsteklassar, og Hordaland Mållag vil gjerne få oppmoda foreldre ved språkdelte skular til å velja nynorsk som opplæringsmål for sine 6-åringar.

I Os gjeld dette dei fleste barneskulane. I førskulealderen har barn ei fantastisk evne til å læra språk, og kan ofte snakka fleire språk flytande. På grunn av at bokmålet er så synleg i samfunnet elles, lærer dei borna som har nynorsk som hovudmål, både nynorsk og bokmål og blir naturleg tospråklege, noko som kjem til nytte seinare i livet, og dei blir betre både i norsk og i andre språk.

Bokmålselevar får derimot ofte ikkje læra nynorsk før dei får det som framandspråk i 8. klasse, noko som i mange tilfelle fører til at dei får dårlegare karakterar i norsk enn nynorskelevar, og dårlege haldningar til nynorsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit ekstra argument for nynorsk, er at dialektane på Vestlandet har mykje meir til felles med nynorsk enn med bokmål. Også Bergens-dialekten har mykje til felles med nynorsk, og dei fleste bergensarar har røtene sine ein stad på Vestlandet. Difor er nynorsken ein del av den felles vestnorske identiteten.

Vel difor nynorsk for din førsteklassing!

Oddvar Skre

Hordaland Mållag