Svein Arne Marcelius er glad i å laga mat. I tillegg har han som kokk i Nordsjøen mykje fritid. Frå måndag av vert han å finna på Kafé Engeline.
Svein Arne Marcelius er glad i å laga mat. I tillegg har han som kokk i Nordsjøen mykje fritid. Frå måndag av vert han å finna på Kafé Engeline.

Nytt andlet på Engeline

Svein Arne Marcelius var blant dei som syntest det var leit at Kafé Engeline skulle stengja dørene. No tek han grep sjølv.

Marcelius er kokk på ein oljeplattform i Nordsjøen. I friperiodane skal han driva kafeen i Brugata.

- Kven som skal vera her når eg er på jobb i Nordsjøen, veit vi ikkje enno. Eg har fri i seks veker, så får vi sjå kva som skjer etter det, seier Marcelius.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med broren Sverre Marcelius og Terje Hatvik, best kjent frå RadiOs, har han oppretta eit aksjeselskap. Resten av brikkene fell litt på plass medan dei går.

- Planen er å få på plass ein litt gamal kafékultur. Vi skal vera eit motstykke til alle kebab- og pizzarestaurantane i Os. Her vert det servert husmannskost som kjøtkaker og raspeballar, seier Marcelius og legg til:

- Dette er mat som eg er vant med frå eige yrke. På føremiddagane vert det vanleg kafé med smørbrød og kaker.

- Liv Laga

I byrjinga av desember varsla søstrene Borghild Strønen og Dagrunn Fjellbakk at dei ikkje hadde kapasitet til å driva Kafé Engeline vidare, og at dei ønskte å gje stafettpinnen vidare.

Tre veker seinare tok søstrene i mot gjester for siste gang.

- Vona er at nokon skal sjå verdien i det vi har skapt, og at dei har lyst til å utvikla det vidare, sa Strønen like før jul.

Og slik vart det. Tre veker etter at den siste bolla var fortært, er det igjen mogleg å få seg ein kaffikopp på Kafé Engeline.

- Vi har ope for første gong i dag, og har fått veldig mange positive tilbakemeldingar. Det har gått i eitt, seier Marcelius.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag har kafeen stengt. Men frå måndag av skal dei nye drivarane etter planen halda ope kvar dag.

Marcelius har ikkje gått med planar om å starta eigen kafé lenge. Då Kafé Engeline stengte dørene, heiv han seg rundt.

- Eg har vore gjest her mange gongar, og var blant dei som synest det var synd at dei måtte stengja.

Kokken er overtydd om at kafeen ved Oselva er liv laga.

- Kafeen ligg på ein nydeleg stad med eit flott uteareal. Eg trur absolutt at han har potensial, seier Marcelius.