Avtroppande avdelingsleiar og assisterande rektor Håvard Ragnhildstveit i det nye trimrommet på Fusa vidaregåande skule.
Avtroppande avdelingsleiar og assisterande rektor Håvard Ragnhildstveit i det nye trimrommet på Fusa vidaregåande skule.

Nytt trimrom på Fusa vidaregåande

Eit treninglokale vil no bli tilgjengeleg både for nybyrjarar og vidarekomne på Leiro.

Rommet ligg i første høgda av skulen. Her finn ein 10 ergometersyklar, avdeling for styrketrening med diverse stasjonære og mobile apparat, tre tredemøller og utstyr for balansekoordinasjon og kjernemuskulatur.

- Eg har vore ansvarleg for innreiing og utstyr. I den samanhengen har eg henta inn tips frå andre vidaregåande skular som allereie har eigne trimrom og samarbeidd med eigne kroppsøvingslærarar. Me har innreidd slik at det blir plass til å kjøpa inn meir, ved behov, fortel avdelingsleiar og assisterande rektor Håvard Ragnhildstveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samarbeidsarena

Utstyret til trimrommet har ein prislapp på 250.000 kroner og har blitt sett i stand gjennom eit godt samarbeid med huseigar. I skuletida blir rommet primært brukt i kroppsøvingstimane, og som eit supplement til elevane på linjene med skiskyting og volleyball. Dei andre av dei 230 elevane, og dei tilsette, vil få ein chip for å koma seg inn utanom opningstida på skulen. For å unngå hærverk er det sett opp overvakingskamera.

- Me er spente på kor mykje dette trimrommet blir brukt. Om det blir ledig kapasitet vil ein sjå på om dette kan gjerast tilgjengeleg for bygda og resten av kommunen, i påvente av ny idrettshall. Det er kjekt med slike samarbeidsarenaer, seier Ragnhildstveit som forøvrig hadde sin siste arbeidsdag i Hordaland fylkeskommune sist fredag. Han er no blitt seksjonsleiar i Samnager kommune med ansvar for kultur, barnehage og skule.