Medlemene i Opptur Motbakkeklubb har førebudd seg godt til søndagens Linken opp-konkurranse. Truleg stiller klubben med over 30 løparar i det 2 km lange motbakkeløpet.
Medlemene i Opptur Motbakkeklubb har førebudd seg godt til søndagens Linken opp-konkurranse. Truleg stiller klubben med over 30 løparar i det 2 km lange motbakkeløpet.

Ønskjer turfolket med i «Linken opptur»

- «Linken opptur» er ikkje berre for løparar. Arrangementet er vel så mykje eigna for turfolket, seier Klas Færøvik.

Førstkomande søndag arrangerer Opptur Motbakkeklubb den første utgåva av «Linken opp». Klubben legg til rette for både konkurranse og mosjon.

- «Linken Opptur» skal vera eit arrangement som famnar breitt. Me har store forventningar til deltakarane i konkurranseklassen, men me ser like mykje fram til å få med oss turfolket. Me håpar heile familiar legg søndagsturen til vårt arrangement, så vankar det gjerne ein deltakarpremie og litt betasuppe etter endt innsats, seier arrangementsansvarleg Klas Færøvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linken ligg 479 meter over havet, heilt vest på platået på Tøsdalsfjellet, som har sitt høgaste punkt 605 moh..

To startar

Opptur Motbakkeklubb har store visjonar for arrangementet. Men er fullt klar over at alt ikkje let seg gjera i ei handvending.

- Får me kring 100 deltakarar no søndag, så er me bra nøgde med det. Men på sikt håpar me at dette arrangementet kan veksa seg stort og bli ein ettertrakta happening for turgåarar, mosjonistar og konkurranseløparar frå heile bergensregionen, seier han.

Helge Asbjørnsen og Kjetil Styrvoll var blant Opptur-medlemene som gjorde ein solid innsats med å opprusta Linken opp-løypa tidlegare i vår.
Helge Asbjørnsen og Kjetil Styrvoll var blant Opptur-medlemene som gjorde ein solid innsats med å opprusta Linken opp-løypa tidlegare i vår.

Søndag blir det to separate startar - ein for turgåarane, og ein for konkurranse-deltakarane.

- Me startar med turfolket. Deretter vert det fellesstart for alle årsklassane som deltek i det 2 km lange konkurranse-løpet, fortel Færøvik.

På sikt ønskjer arrangøren å få til intervall-start.

- Me skal bli proffe på arrangementsbiten. Dersom me lukkast med å lokka fleire til konkurransen, må me få til intervallstart. Kanskje alt frå neste år, seier han.

Terreassen kjem

Dei siste vekene har Opptur Motbakkeklubb hatt godt over 30 løparar på Linken-øktene om måndagen. Færøvik trur den nye konkurransen har vore med på å lokka folk til klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me får stadig fleire medlemer, og fleire er komne til etter å ha høyrt om Linken opp-løpet.

Dugnadsinnsatsen med opprustinga av løypa har også gjort det meir attraktivt å trena i dette området.

- Det er blitt veldig mykje betre å springa der. Kjetil Styrvoll og Helge Asbjørnsen og fleire andre har gjort ein fenomenal innsats mellom anna ved å byggja små myrbruer over dei blautaste partia, skryter Færøvik.

- Korleis vert det med terrasse-plattinga på den 479 meter høge toppen?

- Jaudå, den kjem. Det er litt om og men om me får byggja han, men eg reknar med at me får det til innan sommaren. Materiala ligg der oppe, alt er klart, seier han.

Potensielle klassevinnarar

Opptur Motbakkeklubb håpar å stilla med 30-40 løparar i konkurransen. Blant desse har klubben fleire potensielle klassevinnarar.

- Blant dei vaksne er Geir Skaten og Andreas Søfteland kanskje dei me ventar vil gjera det skarpast. Blant dei yngre trur eg Andreas Størksen kan gjera det bra. Han er eit kjempetalent som viser vei for dei mange andre flinke yngre i klubben, seier Færøvik.

Men det vert truleg ingen osing som set den første løyperekorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Thorbjørn Ludvigsen er meldt. Dersom han kjem, skal det vel noko til at det ikkje vert han som når toppen på best tid. I slikt terreng er han i ein heilt eigen klasse, seier Færøvik.