Grusbanen ved Os ungdomsskule blir opna for parkering i desember.
Grusbanen ved Os ungdomsskule blir opna for parkering i desember.

Opnar grusbanen for parkering

9-bommen blei gjeninnført i Os sentrum i november og har gitt ein umiddelbar effekt, men parkeringsproblemet har forflytta seg. Difor blir halve grusbanen ved Os ungdomsskule opna for parkering i desember.

Bommen i sentrum, som har fått namnet 9-bommen på grunn av at han blir opna klokka ni om morgonen, kom på plass i november. Dette for å frigjera plass til kundane. Næringssjef Daniel Skotheim seier til Os & Fusaposten at bommen har gitt umiddelbar effekt.

- Det er frigjort plass til kundane, men noko av problemet har som forventa forflytta seg. Med fleire entreprenørar og "byggfolk" i sentrum, både kring Osroso og Kyrkjeflaten, er vi på mange måtar inne i ein unntakstilstand som må løysast. Dette krev ein del ekstra tiltak, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruken av grusbanen er klarert med både Os ungdomsskule og Jadakameratene.

Heile banen er open i helga

Frå og med fredag blir difor halve grusbanen ved Os ungdomsskule opna for langtidsparkering, ut desember. I tillegg vil heile grusbanen vera tilgjengeleg for parkering under arrangementet Julemarknadsdagane til helga.

Dei som parkerer i sentrum, og blir ståande lenge, kan venta seg ei melding på frontruta.

Dette skrivet blir lagt på frontruta om ein har parkert for lenge.
Dette skrivet blir lagt på frontruta om ein har parkert for lenge.
Kart over parkeringssoner i Os sentrum.
Kart over parkeringssoner i Os sentrum.

- Saman med ein gruppe av sentrumsforeiningsmedlemmene har vi laga eit skriv som blir lagt på frontruta til dei som står over tillate tid. Vi har hatt noko slikt tidlegare, men no har vi oppgradert skrivet. Det er også lagt ved eit kart som viser kvar ein kan stå, og kor lenge, seier Skotheim.

Snille parkeringsvertar

Då det for nokre år sidan kom parkeringsvakt i Os, blei det mykje støy. Difor er det innført parkeringsvert i staden. Målet med meldingane som blir lagt på frontruta til ulike bilar, er å minna dei om at dei ikkje må stå for lenge.

- Vi ønskjer ikkje å skremma bort folk i julehandelen. Vi har areal som ikkje er tydeleg definerte i sentrum, grunna oppgraderinga. Det hadde vore urettferdig om kundane skulle bli bøtelagte då. Vi prøver å ta på oss ein tydeleg vertsrolle, seier Skotheim.

Oppmodar til parkering i randsonene

Lappane er delt ut til ulike verksemder i sentrum, slik at dei kan dela ut ei påminning til dei som tydeleg har stått over tida.

- Det er med beste hensikt. Vi er, som eg seier, på mange måtar i ein unntakstilstand. Då meiner vi at dette er ein grei måte å gjera det beste ut av det på, seier Skotheim og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei små verksemdene i sentrum er heilt avhengige av at kundane finn parkeringsplassar. Dette er spesielt viktig i desember, med all julehandelen, seier Skotheim.

- Alle som bur i sentrum, men ikkje har ein dedikert parkeringsplass, og dei som jobbar i sentrum, blir oppmoda om å parkera i randsonene.