Siste døgeret har vore prega av intense samtalar, og ordførar Terje Søviknes har måtta lada mobiltelefonen fleire gonger. (Arkivfoto)
Siste døgeret har vore prega av intense samtalar, og ordførar Terje Søviknes har måtta lada mobiltelefonen fleire gonger. (Arkivfoto)

Ordføraren fryktar oppstarten ryk

Terje Søviknes er overraska over Bergen kommunes nei til deponi. Han fryktar den planlagde E39-oppstarten komande veke ryk til.

Det er ein travel Os-ordførar som dagen etter at Bergen kommunesnudde om deponering av stein i Liavatnet på Laksevåg, prøver å sikra framdrifta for arbeidet med nye E39 mellom Os og Bergen.

Usikkert spadetak

Torsdag 3. september har lenge vore avtalt oppstartsdag, og seinast i dag tidleg stadfesta prosjektleiar i Statens vegvesen, Sverre Ottesen, at planen om det fyrste spadetaket ligg fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje Søviknes er ikkje like sikker.

- Eg har hatt ei forventning om at vi skulle byrja 3. september, og eg jobbar knallhardt for å få det til. Samtidig observerer eg at det ikkje er sendt ut nokon formell invitasjon til oppstarten enno, seier han kryptisk.

Intens dialog

Søviknes har site i telefonen stort sett samanhangande sidan nyhenda om Bergen kommunes nei til deponi av stein i Liavatnet på Laksevåg vart kjend i går, onsdag.

Det pågår ein intens dialog mellom Os og Bergen kommune, fylkeskommunen og Samferdsledepartementet,

- Eg skjønar at dette er ei vanskeleg sak for Bergen kommune, men eg vart likevel overraska over at byråden snudde og sa nei. Særleg fordi det skjer berre ei veke etter at Statens vegvesen fekk løyve til igangsetjing av deponering.

Gir seg aldri

- Har du tru på alternative løysingar?

- Problemet er at dei andre alternativa ikkje har nokon reguleringsplan slik Liavatnet hadde det. Slike prosessar kan fort ta eit år å få til.

- Er det håp i enden av E39-tunellen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi må vera kreative for å få dette til, men eg gir meg aldri. Vi må jo prøva å få til ei løysing. Eg satsar alt på at vi får det til, seier Søviknes