Bergensalliansen peikar på Os og Lyseparken som ei godt eigna plassering for eit regionalt treningssenter. Det kjem fram i rapporten «Brannsamarbeid i bergensregionen» som har hatt som mål å utarbeida forslag til eit samarbeid om brann- og redningstenester mellom sjølvstendige brannvesen. (Arkivfoto)
Bergensalliansen peikar på Os og Lyseparken som ei godt eigna plassering for eit regionalt treningssenter. Det kjem fram i rapporten «Brannsamarbeid i bergensregionen» som har hatt som mål å utarbeida forslag til eit samarbeid om brann- og redningstenester mellom sjølvstendige brannvesen. (Arkivfoto)

Os kan få brannakademi

Lyseparken og Ulven leir kan bli framtidig trenings- og øvingssenter for brann- og redningstenester.

Bergensalliansen peikar på Os og Lyseparken som ei godt eigna plassering for eit regionalt treningssenter. Det kjem fram i rapporten «Brannsamarbeid i bergensregionen» som har hatt som mål å utarbeida forslag til eit samarbeid om brann- og redningstenester mellom sjølvstendige brannvesen.

Vest brann- og redningsregion

Rapporten vart lagt fram for Bergensalliansen torsdag. Dei 32 deltakande kommunane, deriblant Os og Fusa, vert tilrådd å inngå i eit samarbeid mellom sjølvstendige brann- og redningsvesen i ein Vest brann- og redningsregion.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergensalliansen gav i møtet torsdag støtte og tilslutning til innstillinga og tilrådinga frå styringsgruppa som har utarbeidd rapporten, og beslutta å senda denne til dei deltakande kommunane sine kommunestyre.

Frist for å fatta vedtak i dei enkelte kommunane om deltaking, er sett til utgangen av mars 2017, for etablering av Vest brann- og redningsregion frå 1. januar 2018.

Mange fordelar med Os og Lyseparken

I kapittelet som omhandlar eit framtidig regionalt treningssenter, peikar altså arbeidsgruppa på Lyseparken og Ulven leir.

Arbeidsgruppa var i april på studietur til Hamburg i Tyskland. På agendaen stod besøk hos Hamburgs brannakademi. Dette var eit område der dei hadde undervisningsbygg og eit stort uteområde for trening av ulike brannscenario. Her var det oppført diverse bygg og ein jernbaneterminal der brannfolka kunne øva.

I Lyseparken/Ulven leir meiner arbeidsgruppa at det er gode høve for å få til et slikt brannakademi/øvingsområde, dersom brannmiljøet i bergensregionen er innstilt på dette.

Fordelane med ei slik plassering er mange, slik gruppa ser det, og i rapporten kan ein lesa denne pro-lista for Lyseparken:

Nærleik til Ulven leir, kombinasjonsbruk av fasilitetar og øvingsområde.

Os kommune har brukt Ulven leir og har gode erfaringar derfrå. Ulven leir er også mykje brukt av politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nærleik til store brannkorps gir gode høve for å rekruttera instruktørar og skaffa materiell til øvingar.

Flystripe tilgjengeleg.

Høve for øving i vatn.

Nærleik til Os vidaregåande skule, kor ein kan samarbeida bl.a. om sertifikatopplæring.

Samarbeid med ambulansetenesta i Os kommune.

Sentral, geografisk plassering i regionen.

Lett tilkomst med ny veg frå Rådal.

Kort veg til Os sentrum av omsyn til alle tilgjengelege fasilitetar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endelausmarka er regulert til industriområde.

Nærleik til innfartsåre - ny E39 frå Os til Bergen.