På grunn av vind vart fyrverkeriet i regi av Os kommune nyttårsaftan utsett til 1. nyttårsdag. Folk møtte opp i hopetal for å få meg seg lysshowet. No vurderer kommunen å gjera 1. nyttårsdag-arrangementet til ein tradisjon.
På grunn av vind vart fyrverkeriet i regi av Os kommune nyttårsaftan utsett til 1. nyttårsdag. Folk møtte opp i hopetal for å få meg seg lysshowet. No vurderer kommunen å gjera 1. nyttårsdag-arrangementet til ein tradisjon.

Os kan få ein unik nyttårstradisjon

Oppmøte og tilbakemeldingane på det «forseinka» fyrverkeriet i Os var så gode at det truleg vil bli ein tradisjon.

Det vakte stor oppsikt då Os kommune med sitt spleiselag måtte utsetja fyrverkeriet sitt grunna dårleg vêr på nyttårsaftan. «Os og Fusaposten» si sak nådde til og med førstesida i VG.

- Ja, det vart litt oppstuss og merksemd rundt det, men så skjedde jo det som ofte skjer når ein må kasta seg rundt og finna nye løysingar - gode idear oppstår, seier ordførar Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enormt oppmøte

Han vedgår at han var usikker på at det ville bli ein suksess i det dei lanserte ideen på nyttårsaftan, men etter seansen og den flotte samlinga av feststemte osingar på moloen ved Steinneset 1. nyttårsdag, ser ordføraren så absolutt eit potensiale for å skapa ein unik tradisjon i Os.

- Eg var ute på Facebook alt same kvelden, for å lunta stemninga. Responsen var ikkje til å ta feil av. Det verkar så absolutt som om osingane vil ha meir av dette. 1. nyttårsdag kan bli vår spesielle feirings-dag her i bygda, seier Søviknes.

Det er ingen som veit nøyaktig kor mange som møtte opp for å sjå fyrverkeriet på fredag, men ein ser ikkje bort frå at det var godt over 2.000.

Terje Søviknes ser gjerne at bygda får sitt heilt unike 1. nyttårsdags-arrangement.
Terje Søviknes ser gjerne at bygda får sitt heilt unike 1. nyttårsdags-arrangement.

Større arrangement

- Me har diskutert litt her på kommunehuset i dag og me ser heilt klart moglegheita for å utvikla dette arrangementet. Dersom me kan få støttespelarar og sponsorar med vidare, gjentek med dette neste år, og kanskje er det rom for å gjera 1. nyttårsdagsarrangementet endå større og litt meir omfattande, tenkjer Søviknes høgt.

- Korleis då?

- Nei, det kunne jo vore eit fakkeltog frå Osøyro til moloen, og me kunne trekt inn noko musikalsk. Kanskje kunne heile kvelden vore avslutta med ein nyttårskonsert i Oseana. Det er mykje me kunne hekta på eit slikt folkearrangement, seier han.

Ideelt for familiar

Sjølv om det heile oppstod heilt tilfeldig, trur han ikkje det er tilfeldig at det slo så godt an.

- Generelt er nok folk litt oppbundne og lite mobile på nyttårsaftan. På første nyttårsdag er det nok litt enklare å ta turen til Os. I tillegg trur eg at tidspunktet kl 20.00 kontra 24.00 gjer det heile litt meir barne- og familievenleg, seier Søviknes.