Os Venstre jobbar vidare for indre trasé

Os Venstre tok opp forslag om indre trasé på Hordaland Venstres årsmøte.

- Vår uttale om traséval fekk støtte frå fleire av årsmøtedelegatane. Ein ser at den såkalla «Hordalandsdiagonalen», som er omhandla i den vedtekne uttalen om vest-aust-samband, støttar opp under indre trasé som eit betre alternativ enn midtre, seier Sveinung Steinsletten.

Os Venstre lukkast likevel ikkje i å få den innsendte uttalen opp til handsaming på årsmøtet, men Os Venstre vil jobba vidare for indre trasé.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raskare

Os Venstre meiner realismen i prosjektet med midtre trasé vert mindre og mindre jo meir informasjon som kjem ut. Det kjem fram i uttalen frå lokallaget til fylkesårsmøtet.

- Indre trasé vil kunna realiserast raskare, teknologien er kjent og vert nytta i kjente omgjevnader og det ligg betre til rette for å leggja jernbane langs traseen, argumenterer Os Venstre.

Lokallaget legg til at miljøet i Bergensdalen vil bli skjerma ved at indre trasé vil fungera som del av ein ytre ring rundt Bergen.

- Eit slikt traséval legg også til rette for tilkopling til ny E16 (med tog) mot Voss og Hordalandsdiagonalen mot E134. Store nye areal blir aktuelle for nærings- og bustadutvikling og Hordaland vert knytt betre saman, meiner Os Venstre.