På kaffislabberas med deLillos

Musikk og sherry-arrangementet på Peppes baud på både live-opptreden frå deLillos og eit (u)høgtideleg møte mellom Kongen og ordføraren. Sjå biletserie!

Osfest i samarbeid med lokalavisa inviterte i formiddag til Musikk og sherry med kvinneforeningen i Bar(t)-lokala til Peppes.

På plakaten stod intervju med deLillos, Monika Heldal og quiz med Atle Nielsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

deLillos fekk smaka både vaflar og mokkabønner, men takka høfleg nei til sherryen ein tidleg føremiddag.

Tok fram gitaren

Lars Lillo-Stenberg sa derimot ja til å ta ein låt med gitaren, og baud på den ikkje fullt så kjende norskengelske "No vin, no øl, no dram". Publikum klappa uansett takten til live-opptredenen.

deLillos vart etter besøket hos Anne Marie Aarøen Vangsnes og Stine Kobbeltvedt, vertinnene for dagen, frakta med båt av Askeladden til Uskedal, før dei returnerer for konsert på storscenen i kveld.

Aarøen Vangsnes og Kobbeltvedt kunne sidan ynskja Monika Heldal, gitaristen frå Arna som har teke konsert-Noreg med storm, velkomen i sofaen.

Quiz med Nielsen

Atle Nielsen baud på musikkquiz der vinnarane stakk av med eit dagspass til festivalen.

Etter Nielsens kunnskapstest, var det duka for eit møte mellom Kongen, Kjell Elvis, og ordførar Terje Søviknes, nyss ankomen brygga etter kommunecruise med Midthordland.

Ordføraren er framleis prega av prolapsen, men ikkje verre enn at han tok utfordringa om å læra seg nokre mooves frå Kjell Elvis på strak arm.

Elvis-a capella

Kjell Elvis tok seg også tid til to a capella framføringar under sin visitt i sofaen hos talkshow-vertinnene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist ut i kaffislabberaset var Jace Everett og bandkollegaen, som la sin elsk på møkkabønnene og fekk med seg heile eska heim.

Everett fekk selskap av Haavard Skaatun i sofaen. Fusa-artisten Skaatun har vore og spelt inn plate i Nashville, heimstaden til Everett. Også Orbo, som har lova Everett både hummar og champagne under Os-besøket, tok plass ved bordet.

Klare for konsert

Alle artistane som var innom sofaen hos kvinneforeningen i dag er klare for storscenen i kveld. Der kjem også Kurt Nilsen og Bendik Brænne.

«Os og Fusaposten» kjem med video av høgdepunkta frå Musikk og sherry-arrangementet, med både "danseduellen" mellom Søviknes og Elvis, live-opptredenen til deLillos, hiten til Jace Everett, Bad Things, lesen opp på nynorsk (!) av Stine Kobbeltvedt, med Everett sjølv på gitar, og sjølvsagt også intervjua i sofaen.