I første episode av TV Norges nye seire "Adam søker Eva", får me sjå Sandra Hauge frå Os på date med ein ukjend mann - kliss naken på ei øde øy i Filippinene.
I første episode av TV Norges nye seire "Adam søker Eva", får me sjå Sandra Hauge frå Os på date med ein ukjend mann - kliss naken på ei øde øy i Filippinene.

På TV utan ein tråd

Sandra Hauge (23) frå Os er kliss naken på TV i morgon. Ho er med i TVNorges nye serie, Adam søker Eva.

I morgon reiser ho til Oslo for å sjå premieren saman med dei 17 andre deltakarane. I første episode får me sjå Hauge på date med ein ukjend mann - kliss naken på ei øde øy i Filippinene.

- Me hadde ikkje helst på kvarandre før me møtte kvarandre naken på stranda. Me vart flydd inn til ulike tider, og me hadde soner på øya som me måtte halda oss i før me møtte kvarandre, seier Hauge, som legg til at ho ikkje følte seg særleg stor når ho trefte daten for første gang - kliss naken.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då hadde eg mest lyst til å synka under jorda. Men det vart meir naturleg etter kvart. Då me var ferdige med daten, kjentest det unaturleg å ta på att kleda, seier ho.

Utanfor komfortsonen

Osingen meldte seg på programmet utan å heilt vita kva ho gjekk til.

- Eg var klar over at det var eit dating-eksperiment, men då eg fekk høyra at me skulle vera nakne, var første reaksjonen at det er jo heilt sjukt, seier ho.

- Eg treng å utfordra meg litt, og gå utanfor komfortsona. Dessutan trengte eg ein ferie, serier Hauge om det å vera med på den nye serien.
- Eg treng å utfordra meg litt, og gå utanfor komfortsona. Dessutan trengte eg ein ferie, serier Hauge om det å vera med på den nye serien.

Men etter å vurdert det i tre dagar, og rådført seg med familien, bestemte ho seg for å bli med.

- Eg treng å utfordra meg litt, og gå utanfor komfortsona. Dessutan trengte eg ein ferie, smiler ho.

Kleint å sjå seg sjølv

Etter at ho hadde tenkt over det ei stund, blei det meir naturleg og ganske fint "med nakendating".

- Alle har sett ein naken kropp før. I dagens samfunn vert alle dømd ut i frå kropp, utsjånad og stil på kleda. Her vert i alle fall delar av det presset teke vekk, og ein kjem tettare innpå personen ein er på date med, seier Hauge.

Om datarane er nøgde med datepartnarane, kan dei velga å møtast på date når dei kjem heim. Då med kleda på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om det etter kvart blei meir naturleg å vera naken, så innrømmar ho at det blir spesielt å sjå seg sjølv på TV utan ein tråd.

- Eg har ikkje sett noko av innspelinga, bort sett frå det som har vore på VG og slikt. Det blir nok veldig kleint, men eg gler meg samstundes, seier ho.