Pål Øvreeide (t. h.) og Jarle Lyssand (i midten) har stor tru på at laget deira kan gjera det betre i årets konkurranse enn i fjorårets. - I fjor låg vi i sjøen etter tre padletak, fortel dei.
Pål Øvreeide (t. h.) og Jarle Lyssand (i midten) har stor tru på at laget deira kan gjera det betre i årets konkurranse enn i fjorårets. - I fjor låg vi i sjøen etter tre padletak, fortel dei.

Padla for harde livet

- Planen vår er sjølvsagt å vinna, ja, og så ikkje hamna i vatnet, seier Pål Øvreeide og Jarle Lyssand i Os Kaiservice i det laga i årets drakebåtfestival er i ferd med å stilla opp på grusplassen nedforbi ungdomsskulen.

I fjor gjekk dei i vatnet etter tre padletak. I år satsar dei på å klara i alle fall fire.

- Om vi klarar å halda oss i båten i ti meter, vert vi kjempenøgde, seier duoen før dei stiller opp på eit lagbilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karane, som stakk av med den såkalla "best in show"-prisen, var kledde i kvite kjortlar og badehetter.

- Badehettene er laga for hand. Dei har teikna alle dei svarte prikkane på sjølve, kunne drakebåtadmiral og konferansier Rune Nilsen opplysa om.

Nilsen kunne òg fortelja at temperaturen i sjøen var 22 grader, dersom nokon skulle finna på å ta seg ein dukkert.

På startstreken stilte representantar for Johs Sælen & Sønn AS, Magnorvinduet, Four Phase, Energi Treningssenter, Liverbirds Os, B-gjengen frå Vartun, Malermester Midtbø AS og ein gjeng politikarar. Politikarane greidde for anledninga å samla seg om ei tverrpolitisk liste, til stor glede for Terje Sperrevik som hadde fått i oppgåve å tromma takten.

- Målet vårt er først og fremst å ikkje verta våte, sa ordførar Terje Søviknes før laga tok turen gjennom Os sentrum og bort til hamna.

Berre eit lag i vatnet

I første heat konkurrerte Liverbirds mot politikarane. Fotballsupporterane fekk fort overtaket, og fossa i mål ein god stund for dei folkevalte. Den tverrpolitiske semja stakk gjerne ikkje så djupt når alt kom til alt.

I andre heat utkonkurrerte Magnorvinduet B-gjengen rimeleg kjapt, medan Energi Treningssenter viste styrke i tredje heat. Konkurrenten deira Johs Sælen & Sønn AS var faktisk så langt ute å køyra at dei var nær ved å hamna i kaianlegget. På veg inn igjen vart det dessutan nestenkollisjon med motstandarane. Men båten kom seg, utruleg nok, heilskinna inn igjen, utan at dei som sat oppi vart våte i luggen ein gong.

Magnorvinduet var dei einaste som hamna i vatnet. Det skjedde i finalen der dei konkurrerte mot B-gjengen og Energi Treningssenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sidan Magnorvinduet var dei einaste som kvelva, stakk dei av med årets fiaskopris, opplyser arrangør David Genius.

Energi Treningssenter stakk, i år som i fjor, av med sigeren. Dermed får dei behalda vandrepokalen i eitt år til.

- Arrangementet har gått heilt strålande. Vi var heldige med vêret, og stemninga i hamna var god, oppsummerer Genius før han legg til:

- Det er framleis fest i teltet utanfor Solsiden.