Padleidyll på Røykenesvatnet

I høgsesongen slit dei med å ta unna for etterspurnaden. Likevel aukar ikkje ER-AN talet på kanoar. Det handlar om å ivareta idyllen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

- Me kunne sikkert leigd ut 50 kanoar og fleire båtar, og gjort god butikk på det, men det er me ikkje interessert i. Ein padletur på Røykenesvatnet skal vera ein idyllisk, roleg naturoppleving. Det skal ikkje vera å padla i kø, konstaterer Erling Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lange tradisjonar

Den daglege leiaren av bensinstasjonen på Røykenes har lang erfaring med å leiga ut båtar og kanoar ved vatnet på andre sida av E39-vegen.

Han hugsar til og med då det heile byrja.

- Foreldra mine byrja å leiga ut båtar då eigarane av Osvassdraget byrja å selja fiskekort i 1953. Den gongen var det stort sett fiskarar som ville utpå her. Sidan utvida me tilbodet til også å omfatta mindre farty for tur og utfart, fortel Erling Andersen.

Han meiner det var i 1973 at dei kjøpte dei første kanoane.

- Frå den gong til i dag er det stort sett kanoar me leigar ut. Det er ikkje så mange som kjem hit for å fiska, seier han.

15 er nett passe

Dei siste sesongane har dei hatt 15 kanoar og ein båt. Det meiner Andersen er nett passe.

- Då har me såpass med farty at skuleklassar, idrettslag og blåturgjengar kan koma seg utpå til same tid. Elles vert båten stort sett brukt som følgjebåt.

- Så det er ikkje så mange som leiger båt for å fiska her lenger?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det hender, men ikkje så ofte. I dag er det stort sett berre aure og gjedde å få. Dei som vil ha laks må lenger ned i Osvassdraget, seier han.

Ettersom kvar av kanoane tek inntil tre personar, kan kring 50 personar til ein kvar tid koma seg utpå ved hjelp av ER-AN's samling av utleige-farty.

Passe gjeng

Og nettopp 50 padlelystne var på plass då «Os og Fusaposten» sjekka ut tilhøva i midten av juni. Klasse 8a og 8b frå Os ungdomsskule hadde vunne ein intern konkurranse på skulen. Lønen var padletur med påfølgjande lunsj på ER-AN Veikro like etter.

- Dette er ein premie elevane sjølv fekk stemma fram. Sjølv om det blåsar litt, trur eg det blir ein fin tur for dei ut på vantet, sa kontaktlærar Kari Berge.

Grunna sterk vind heldt ungdomsskulegjengen seg stort sett i området like utanfor vegkroen, men til andre som måtte ønskje å utforska vassdraget meir er det god boltreplass. Med utgangspunktet i flytebrygga til ER-AN kan ein padla via Bahusstraumen, og inntil ein halv mil innover mot Hauglandsvantet. Ein tur som dette er stipulert til å ta kring 1,5 time.

Elles er det verd å merka seg at kanoleige kostar frå 100 kroner for eit par timar til 500 kroner for tre døgn. Dette inkluderer også leige av redningsvest for brukarane.

Bilettekst 1:

Tre gutar i fin medvindspadling på Røykenesvatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilettekst 2:

Erling Andersen ønskjer ikkje å utvida utleigetilbodet av kanoar.

Bilettekst 3:

Jentene mot gutane.

Bilettekst 4:

Padleidyll på Røykenesvatnet.

TURTIPS:

Frå Er-An, som leiger ut kanoar, kan du padla innover i Hauglandsdalen (med litt bering kan du padla langt inn i dalen) eller du kan slenga kanoen på taket og ta turen ein annan stad. Nokre alternativ er å køyra inn til Gåssandvatnet eller Raudlivatnet eller ta ferga over Bjørnefjorden og padla i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

FAKTABOKS:

OSELVVASSDRAGET:

Lakseførande vassdrag. Det største i Bergen og Os kommunar.

Oselvvassdraget er det einaste vassdraget i Bergen som er verna mot kraftutbygging.

Elvemusling har tilhald i vassdraget og er den mest sjeldne arten i elva. Arten er raudlista og ein prioritert art å ta vare på.

Oselvvassdraget har store mengder dykkender og sangsvaner i trekktidene og vinterstid.

I nord strekkjer vassdraget seg mot Livarden, Austlirinden og Gullfjellet.

Lenger sør består vassdraget av ei rekkje innsjøar med elvestrekningar i mellom.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vassdraget finst laks, aure (både sjø-aure og stasjonær), røye, ål, gjedde og trepigga stingsild.

Oselva er blant de beste lakseelvene i fylket og er kjent for å ha tidleg oppgang av laks. Vassdraget er lakseførande over 26 km. Av dette er 9 km elv og resten innsjø.