Tracey Holm, Emma Skarstein Kjetland og Emil Austevoll Harlem.
Tracey Holm, Emma Skarstein Kjetland og Emil Austevoll Harlem.

Persa på samtlege distansar i LÅMØ

Os-trioen som deltok på LÅMØ i Stavanger tok utfordringa på strak arm og leverte nye personlege rekordar på alle distansane.

Det var stort for Tracey Holm, Emma Skarstein Kjetland og Emil Austevoll Harlem å få delta i LÅMØ i helga.

Det store symjestemnet i Stavanger Svømmehall samlar alle dei best symjarane i landet i årsklassane 2000-2005.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er klart det er spesielt å få vera med på eit slikt stemne, å få tevla med dei beste i landet og konkurrera i eit basseng framfor fulle tribunar med mykje liv og stor trøkk. Slikt gjer inntrykk, seier trenar i Os Svømmeklubb Thomas Harlem.

Vart ikkje sett ut

Han er imponert over sine tre elevar som han meiner takla dei noko uvanlege tilhøva meisterleg.

- Dette var eit stemne som er mykje større enn noko av det våre utøvarar har vore med på før, men trioen vår takla det veldig fint, seier Harlem.

Emma Skarstein Kjetland klar for sin 200 me bryst framfor ein fullsett Stavanger Svømmehall.
Emma Skarstein Kjetland klar for sin 200 me bryst framfor ein fullsett Stavanger Svømmehall.
Emil Austevoll Harlem gjorde det veldig bra og vart nummer tre i 2005-klassen samanlagt etter fem øvingar.
Emil Austevoll Harlem gjorde det veldig bra og vart nummer tre i 2005-klassen samanlagt etter fem øvingar.
Emma og Tracey sonderer tilhøva før dei sjølv skal i elden.
Emma og Tracey sonderer tilhøva før dei sjølv skal i elden.

Han kan fortelja at alle tre sette personlege rekordar på dei fem distansane dei sumde.

- Nokre av rekordane var rett og slett imponerande. På 400 m fri persa dei alle med nesten 30 sekund. Det er uvanleg sterkt og veldig moro, seier Harlem.

Han er også imponert over korleis trioen takla det å fullføra heile fem tøffe øvingar på ei helg.

- Sjølv om mange av distansane var tøffe, så gjennomførte dei kjempebra og disponerte kreftene godt. Alt i alt fekk dei mange gode opplevingar og stor motivasjon til å trena vidare, seier trenaren.

Emil nådde høgst

Plasseringsmessig var det Emil som nådde høgst på resultatlistene i Stavanger. På sine fem øvingar i 2005-klassen tok han sølv på 50 butterfly og bronse på 400 m fri, 100 m bryst og 200 m medley. Med desse plasseringane vart Emil totalt nummer tre i klassen for gutar fødd i 2005.

Artikkelen held fram under annonsen.