Politiet godt nøgd med Osfest

Godt arrangement. Hyggjelege folk. God stemning. Slik oppsummerer politiet Osfest.

- Det var mange folk og lite tull. Vaktene gjorde ein god jobb inne på området både innleigde vakter og dei frivillige, kommenterer politiførstebetjent Kenneth Rastd.

Slo politibetjent

Det har likevel vore ein del situasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre personar vart frakta til arresten natt til søndag. Ei kvinne er meldt for å ha slått ein politibetjent.

Det oppstod også tumultar ved to tilfelle om bord i nokre båtar i hamna. Den eine situasjonen løyste seg sjølv. Den andre utarta seg, og den mest aggressive av dei involverte vart teken med i arresten og er meldt for å ha brote paragrafen om offentleg ro og orden.

To tilfelle av forstyrring av offentleg ro og orden fant stad inne på festivalområdet i løpet av helga. I desse sakene er det snakk om førelegg.

9000 i bot

Totalt har fire personar vorte frakta til arresten i løpet av Osfest-helga. Ein av desse vart frakta til drukkenskapsarresten, og fekk eit førelegg på 9000 kroner.

- Storleiken på førelegga avhenger av sakens karakter, alder, eventuelt tidlegare saker, alder og også vedkomandes inntekt, opplyser Rastad.

Nokre peronar har blitt køyrd heim, og det har vore tilfelle med urinering på offentleg stad.Desse vert bøtelagt.