Med små  justeringar er både skulebygga og uteområda på dei skulane me har godt eigna til formålet i mange år framover,
Med små justeringar er både skulebygga og uteområda på dei skulane me har godt eigna til formålet i mange år framover,

Politiske fantasiar - økonomisk verkelegheit

Sp vil fylla dei skulestovene me har med elevar og læring, skriv 3. kandidat Mikal Leigland.

Vi i Senterpartiet ser at det blir snakka om skulesamanslåing og nye skulebygg i same andedrag.

Det er ikkje nye bygg me treng, med små justeringar er både skulebygga og uteområda på dei skulane me har godt eigna til formålet i mange år framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange av bygdene i Fusa er inne i ei positiv utvikling, og skulen er ein av berebjelkane i bygdene våre.

Eg ser at enkelte lærarar har sterke meiningar om skulestruktur og ressursar i skulen.

Det undrar meg at den skulen som vedkomande har vore i leiinga av, hadde eit overskot på kr 673.000 i 2013. Dei hadde med andre ord ressursar til ei stilling ekstra som dei ikkje nytta seg av. Det å skrika ulv når dei ikkje nyttar dei ressursane dei har, er ikkje bra.

Ein av kjepphestane mine har i mange år vore at vi skal ha ein einsretta skule i Fusa, med det meiner eg at vi bør ha like lærebøker og læreplanar osv. i Fusa

Som alle kjenner til, er læringa tufta på same lovverk, og alle barnskuleelevane skal ha same plattform for vidare læring når dei kjem til ungdomsskulen.

Luftslott

Innspela i avisa sist laurdag om tre nye skular er eit luftslott og viser at bevaring av dagens struktur også økonomisk er det beste alternativet.

I Bergen har dei nye skulane ei kostnadsramme på ca. kr 450.000 per elev i nybyggskostnader, og om ein legg dette til grunn, blir tala som følgjer:

Ny skule på Fusa-halvøya for ca. 130 elevar vil ha ein kostnad på 58,5 mill. kroner og ein rente- og avdragskostnad per år på 3,8 mill. kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny barneskule for Eikelandsosen/Holdhus vil i dag ha behov for plass til 150 elevar. Kostnaden blir då 67,5 mill. kroner, med ein årleg rente- og avdragskostnad på 4,4 mill.

Ny ungdomsskule til 200 elevar vil kosta ca 90 mill. kroner og ha ein årleg rente- og avdragskostnad på 5,8 mill. kroner. Desse tala er berekna ut frå dagens rentenivå, utan at det er tatt høgd for at renta kan stiga. Med 2% renteauke vil den årlege rentekostnaden bli 4,3 mill. kroner høgare.

Vil det å bruka 8-10 mill. ekstra til bygg gje meir ressursar i skulestova? Er det slik, har eg blunda i matematikk-timane.

Mikal Leigland

3. kandidat Fusa Senterparti