Erik og Kriss er ein rapduo som i stor grad har lukkast å fengja både unge og vaksne. Oslo-gutane kjem til Osfest laurdag 12. august. (Pressefoto)
Erik og Kriss er ein rapduo som i stor grad har lukkast å fengja både unge og vaksne. Oslo-gutane kjem til Osfest laurdag 12. august. (Pressefoto)

Postgirobygget og Erik og Kriss til Osfest

Osfest held fram den folkelege satsinga og dreg no opp Postgirobygget og rapduoen Erik og Kriss.

Tidlegare i vinter vart det klart at hitmakarane i Madcon og ungdomsheltane Julie Bergan og Unge Ferrari var klare for Osfest helga 11.-12. august. No er det klart at rap og pop-duoen Erik og Kriss og "norsk-på-norsk"-ringrevane i Postgirobygget også blir å finna på grusplassen ved Os ungdomsskule andre helga i august.

- Dette er artistar som er erfarne og som veit korleis ein lagar god stemning. Me er veldig nøgde med å få Erik og Kriss og Postgirobygget til Os, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommarband

Dei mest erfarne er Postgirobygget. Bandet vart starta i 1996 og har sidan den gong jamt og trutt vore på hitlistene.

Arne Hurlen & Co har gjeve ut ni album og selt kring 600.000 eksemplar. Med sine mange sommarhitar vert bandet omtala som eit typisk sommarband. Men over 21 år har bandet turnert både vinter og vår.

- I tillegg til å stå bak ei rekkje gode låtar har dei stor erfaring som liveband. Totalt har dei spelt over 1.000 konsertar over heile landet, seier Hylland.

Arne Hurlen og Co har over 1.000 spelejobbar bak seg. Laurdag 12. august kjem dei til Osfest. (Pressefoto)
Arne Hurlen og Co har over 1.000 spelejobbar bak seg. Laurdag 12. august kjem dei til Osfest. (Pressefoto)

Bandets største hitar er mest kjent for låtar som «Sløv Uten Dop», «Idyll», «En Solskinsdag», «Luftmadrass» og «Tidløs».

Feststemt duo

Oslo-duoen Erik og Kriss starta som glade russe-raparar på midten av 2000-talet. I dag kan dei skryta av å ha gjeve ut fem album og eit tosifra tal singlar.

- Dette er ein duo som verkeleg veit å laga liv. Ryktet går om at det vert heidundrande fest når Erik og Kriss entrar scenen, seier Hylland.

Noko av grunnen til at det verkeleg sparkar når duoen er i aksjon, er at dei nyttar liveband.

- Dei er opptekne av at det skal vera live-feeling på det dei gjer. Live-band har dei brukt fast sidan 2009, konstaterer Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rapduoen står bak hitar som «Den låta», «Dra tilbake», «Det e'kke meg, det er deg», «Puls» og «Ølbriller».

Både Postgirobygget og Erik og Kriss er booka inn for laurdagsprogrammet til Osfest.