Gudmund Snilstveit var stundom innom tanken på å bryta, men kom seg i mål til ein stralande fjerdeplass i Ironman Wales. Her frå då han vart noregsmeister under Haugesund 70,3 i sommar. (Privat foto)
Gudmund Snilstveit var stundom innom tanken på å bryta, men kom seg i mål til ein stralande fjerdeplass i Ironman Wales. Her frå då han vart noregsmeister under Haugesund 70,3 i sommar. (Privat foto)

Rå innsats i idyllisk natur

Gudmund Snilstveit stod for ein enormt sterk prestasjon i Ironman Wales søndag. Blant 2.000 utøvarar vart fusingen nummer fire.

Frå før hadde han ein sjetteplass som beste plassering i Ironman Wales (2011). No søndag vart det opp to plassar for Gudmund etter ein utruleg sterk innsats i verdas hardaste ironman-tevling i det idylliske landskapet i Pembrokeshire, syd-vest i Wales.

- Fjerdeplassen på søndag er nok noko av det beste eg har gjort. Feltet denne gongen var langt tøffare enn då eg vart nummer seks i 2011, konstaterer Gudmund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøft og vakkert

Konkurranse-opplevingan skildrar han slik:

- Dette er utan tvil den tøffaste Ironman-tevlinga i verda. Både symjedelen, sykkel-delen og marathonet krev enormt mykje. Det er store bølgjar i havet, stupbratte motbakkar på sykkeldelen, og svingate og humpete veg å springa på.

Men landskapen og stemninga rundt gjer også det heile ganske så magisk.

Symjedelen gjekk av stabelen i Tenby. Det er ikkje vanskeleg å skjøna Snilstveit når han omtalar plassen som vakker og idyllisk.
Symjedelen gjekk av stabelen i Tenby. Det er ikkje vanskeleg å skjøna Snilstveit når han omtalar plassen som vakker og idyllisk.

- Det er eit svært vakkert landskap, og med tusenvis av folk langs etter løypen er det spesielt å vera deltakar. Kanskje aller mesti dei tøffaste motbakkane på sykkeldelen. Der står publikum ute i vegbanen og heiar deg fram. Nett som dei gjer i Alpe-etappane i Tour de France, fortel Snilstveit.

Også før og etter konkurransen fekk fusingen sjansen til å nyta den flotte naturen.

- Eg kan ikkje fordra å liggja på hotell og slikt, så eg hadde med meg telt og overnatta i skohaltet. Einaste problemet var mygg og mykje breinar, ler han.

Nest raskast

Snilstveit var ikkje heilt nøgd med symjinga. 32-åringen gjorde dei 3.800 metrane i bølgjeskvulpen unna på 1 time og vel to minutt. Til første skifte låg han på ein 12. plass, kring seks minutt bak teten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg bomma litt på første runden. Då låg eg meg heilt ytst i feltet for å unngå for mykje bølgjer. Det tapte eg ein del på. Eg vart liggjande heilt åleina, og bølgjene var vel like store der som lenger inne, seier Snilstveit.

På dei 180 km med sykkel gjekk det langt betre for Vinnes-karen.

- Med alle dei tøffe motbakkane skulle ein tru at ein kar som meg vert litt for tung, men det gjekk faktisk veldig bra. Eg tråkka på det eg var god for og fekk etter kvart notert meg for nest beste sykkeltid, fortel Snilstveit.

Den sterke innsatsen kosta.

- Eg vart kanskje vel ivrig og tømte meg skikkeleg. Mot slutten tenkte eg at eg berre fekk gje meg etter syklinga, røper Snilstveit.

Men slik gjekk det heldigvis ikkje.

- Eg var jo kome meg opp på fjerdeplass, så eg måtte jo prøva å byrja å springa. Heldigvis stod det betre til med beina, også tenkte eg på fettar Gitle kva han hadde sagt om eg hadde kasta inn handkledet. Det motiverte meg til å halda fram, ler Snilstveit.

Ville på pallen

Utover på marathon-delen vakna fusingen meir og meir til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Plutseleg fann eg krefter til å auka tempoet. På den måten kvitta eg meg med han eine som hadde pusta meg litt i nakken. I tillegg byrja eg å sjå etter han framfor.

Men det var nok litt for ambisiøst.

- Han var ein seks-sju minutt framfor meg, så då var det berre om å gjera å halda plasseringa i feltet. Men eg skulle gjerne hatt ein pallplassering, sukker Snilstveit.

Sjølv om han ikkje fekk klatra på pallen, vart det premie.

- Dei seks beste fekk pengepremie. Sjølv fekk eg kring 10.000 norske kroner. Det er jo like mykje som friidrettsfolket får for å vinna eit golden league-stemnet, humrar Snilstveit.

Eg kan ikkje fordra å liggja på hotell og slikt, så eg hadde med meg telt og overnatta i skohaltet