Hans Marius Johnsen synest det var eit ærefullt oppdrag å få underhalda med "Blues på blå resept".
Hans Marius Johnsen synest det var eit ærefullt oppdrag å få underhalda med "Blues på blå resept".

Real rehabiliteringsblues på Ravneberghaugen

Hans Marius Johnsen er ikkje vond å be om nokon ønskjer musikalsk innslag. Onsdag kom han på blå resept.

Pasientane på Ravneberghaugen rehabiliteringssenter fekk ein hyggjeleg kaffistund då Hans Marius Johnsen stakk innom onsdag kveld.

I regi av Bergen Roots og Bluesklubb gjorde Øyane-guten sin innsats for «Blues på blå respept» og "medisinen" såg ut til å falla i god smak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Populært konsept

Mannen som står bak konseptet er primus motor i BB Lyngs Blues Band, Helge Lynghaug.

Han var svært glad for at Hans Marius tok "reseptjobben" onsdag kveld.

«Blues på blå resept» vart starta i 2009, og heile prosjektet går ut på å bringa musikk ut til dei som sjølv ikkje kjem seg til plassar der levande musikk vert formidla. Meir konkret spelar me for pasientar på ulike sjukehus og institusjonar i Hordaland, seier Lynghaug.

Ulasteleg antrekt gjev 18-åringen alt uansett kvar og når han opptrer.
Ulasteleg antrekt gjev 18-åringen alt uansett kvar og når han opptrer.
Hans Marius spelte også ein akustisk versjon av singel-låta si "Chased".
Hans Marius spelte også ein akustisk versjon av singel-låta si "Chased".

I lag med gjengen i BB Lyngs Blues Band donerer han alle pengane dei tener på si siste plate til det veldige prosjektet.

I Os overlèt Helge jobben heilt og haldent til Mr. HM Johnsen.

- Me vert stadig spurt om å gjera slike jobbar rundt om kring. Då spørsmålet om å spela på Ravneberghaugen dukka opp, tenkte eg at Hans Marius ville vera rette mannen for ein slik jobb, seier Lynghaug.

Litt skummelt oppdrag

Hovudpersonen sjølv var spent før konserten.

- Eg fekk oppdraget for berre eit par dagar sidan, så det kom litt brått på, men eg bruker jo å seia ja til å spela, og dette er eit ærefullt oppdrag, seier 18-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kjente også litt på ærefrykten før konserten.

- «Blues på blå resept»-konseptet er godt kjent i Bergen og har ord på seg for å levera god vare. No håpar eg at eg leverer like bra, sa Johnsen før han tok fram gitaren og gav dei heldige tilstedeverande ein halvtimes akustisk konsert.

Den dresskledde Øyane-guten spelte to sjølvlaga låtar, og spedde elles på med blues-coverar frå Eric Clapton, Jimmy Hendrix og andre gode blues-låt-snekrarar.

Store studio-planar

For vel to veker sidan sleppte ungguten sin første singel frå det som er meint å bli HM Johnsens første studioalbum. Øyaneguten har fått gode tilbakemeldingar på «Chased».

- Takk vere god hjelp av blant andre Jan Petter Svendal har eg fått laga video av låta i Lidl-lageret. Videoen ligg på Youtube no og veldig mange har sagt at dei liker han, fortel Hans Marius.

Låta er meint å bli tittelsporet på hans komande plate.

- 2016 blir det store studio-året. Då kjem eg til å spela inn 10-12 låtar til til plata. Det meste av arbeidet vil eg gjera i studioet til Alvin Vestrheim i Øystese, fortel Hans Marius.

Han reknar med at plata vil vera ferdig og klar for publikum mot slutten av neste haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå singel-videoen til Chased her: