Jenny Madelene Øygards hund, Felix, jaga bort nokon som prøvde å ta seg inn i huset natt til torsdag.
Jenny Madelene Øygards hund, Felix, jaga bort nokon som prøvde å ta seg inn i huset natt til torsdag.

Redda av hunden

Skal eg berre stå her? Kva om dei skadar hunden? Desse spørsmåla spann rundt i hovudet på Jenny Madelen Øygard, då nokon prøvde å ta seg inn i huset hennar natt til torsdag.

Den siste kveldsturen var nett unna gjort. Øygard og den ti månader gamle hunden Felix var på badet då dei høyrte nokon utanfor huset.

- Etter at vi kom inn frå turen sløkte eg alle ljos i huset og gjekk på badet for å stella meg før eg skulle til sengs. Døra til badet stod på gløtt, slik at Felix kunne gå att og fram som han ville, seier Øygard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blei så redd at ho fraus

Heldigvis for Øygard, la Felix seg ned på baderomsgolvet.

- Baderommet ligg rett innanfor yttergangen. Eg høyrde plutseleg at nokon gjekk i grusen rett utanfor. Eg tenkte at det var merkeleg, for vegen utanfor fører berre til vårt hus, så det er ingen grunn til at folk skal gå her på natta, seier Øygard.

Felix reagerte på lydane, og sprang ut i gangen, knurra forsiktig, og såg mot døra.

Jenny Madelen Øygard var klar over at ho ikkje hadde låst døra då ho plutsleg høyrde nokon som gjekk i grusen rett utanfor. Ho ba om at ikkje nokon skulle prøva å ta seg inn i huset, og fraus då ho høyrde at nokon opna døra.
Jenny Madelen Øygard var klar over at ho ikkje hadde låst døra då ho plutsleg høyrde nokon som gjekk i grusen rett utanfor. Ho ba om at ikkje nokon skulle prøva å ta seg inn i huset, og fraus då ho høyrde at nokon opna døra.

- Det var veldig skummelt, for eg visste at døra ikkje var låst. Eg ba inni meg om at ikkje nokon skulle koma inn i huset. Eg stod og høyrde etter, og plutseleg høyrde eg at døra gjekk opp, seier Øygard.

Felix, som ikkje er stor av vekst, bjeffa voldsomt og høyrdes verkeleg sint ut, fortel Øygard, som sjølv blei så redd at ho i kort tid fraus heilt.

- Det gjekk ein augneblink før eg starta å tenkja. Skal eg berre stå her? Kva kan eg gjera? Men så tenkte eg at det kan henda at dei skadar Felix.

Skjønte at noko var gale

Øygard gjekk ut frå badet for å beskytta hunden. Utgangsdøra gjekk at, og Felix gjekk bort og hoppa på døra. Samstundes kom sambuaren til Øygard, Marius Skåtun, ut frå soverommet. Han låg og sov, men skjønte at det var noko gale når Felix bjeffa slik.

- Han stupte opp av senga, og fekk på seg kle og sko, før han gjekk ut for å sjå om han såg nokon. Det tok litt tid før han kom seg ut, og diverre fann han ingen utanfor. Då han kom inn att låste eg døra. Eg sat oppe lenge, og fekk ikkje sova før klokka 08.00 sikkert. Då søv eg eit par timar før eg stod opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

To tilfelle i same gate

Paret har berre budd i Midtbøvegen i om lag eitt år. Dei har aldri opplevd liknande før hendinga natt til torsdag. Øygard valde å leggja ut ei melding på Facebook-gruppa Oppslagstavlo i Os, for å åtvara andre osingar, og be folk om å hugsa å låsa døra. Etter at ho hadde lagt ut innlegget, fekk ho respons i ei melding på det sosiale mediumet.

- Ei dame, som også bur i Midtbøvegen, meinte at det hadde vore nokon som hadde prøvd å ta seg inn i huset hennar også. Ho lurte på om det kunne passa med tidspunktet nokon var på mi dør. Det gjorde det. Dama meinte at dei var hos ho kvart på eitt. Det passar i forhold til avstanden vi bur frå kvarandre, seier Øygard.