Eirik AndrË Hesthamar og Elin Langli var svært nøgde med torsdagens arrangement og samarbeidsavtalen dei no har signert med kvarandre.
Eirik AndrË Hesthamar og Elin Langli var svært nøgde med torsdagens arrangement og samarbeidsavtalen dei no har signert med kvarandre.

Innleier omfattande samarbeid med Redd Barna

Med Redd Barna-cupen har dei bidrege godt til organisasjonen i fleire år. No skal Redd Barna bidra i Øyane.

– Dette blir eit heilt unikt samarbeid der Redd Barna med sin kompetanse vil hjelpa oss i arbeidet mot mobbing, trakassering og bevisstgjering om temaet seksuelle overgrep, seier Eirik André Hesthamar.

Han er leiar i Idrettslaget Øyglimt og er medlem av Øyane-prosjektet «Saman er me best».

Artikkelen held fram under annonsen.

Felles satsing

Torsdag ettermiddag vart det invitert til storstilt markering i gymsalen på Søre Øyane skule. Det nye samarbeidet med Redd Barna skulle markerast på skikkeleg vis.

Forutan Hesthamar var rektor ved Søre Øyanes skule Gunnhild Hansen, styrar i Søre Øyane naturbarnehage, Kjersti Ellingsen, og Redd Barna-representantane Elin Langli og Bergit Sønstebø Svendseid på plass.

– Me har kalla opplegget for «Trygg i Øyane». Her har me fått til eit samarbeid mellom Søre Øyane naturbarnehage, Søre Øyane skule, idrettslaget Øyglimt og Redd Barna. For oss er dette eit solid tak for å sikra oss gode og trygge oppvekstvilkår for borna i Øyane, seier Hesthamar.

Det var solid forbrødring under «Barn av regnbuen»-songen. Denne gjengen ser ut til å vita å ta vare på kvarandre.
Det var solid forbrødring under «Barn av regnbuen»-songen. Denne gjengen ser ut til å vita å ta vare på kvarandre.
Mariell, Patrick og dei andre borna frå Søre Øyane naturbarnehage song «Skal vi være venner» og «Vestlandet».
Mariell, Patrick og dei andre borna frå Søre Øyane naturbarnehage song «Skal vi være venner» og «Vestlandet».
Karen og Hilde frå elevrådet ved Søre Øyane skule fortalte mellom anna om den regnbogemåla «venebenken» dei har på skulen.
Karen og Hilde frå elevrådet ved Søre Øyane skule fortalte mellom anna om den regnbogemåla «venebenken» dei har på skulen.
Det var storstilt opplegg då Eirik AndrÈ Hesthamar presenterte avtalen med Redd Barna i gymsalen på Søre Øyane skule.
Det var storstilt opplegg då Eirik AndrÈ Hesthamar presenterte avtalen med Redd Barna i gymsalen på Søre Øyane skule.

For Redd Barna er det første gong dei signerer avtale med ein heil krins.

– Me er så glade for dette initiativet. Det verkar som de har det bra her allereie, men me vil bidra med vårt til at de kan få det endå betre, sa Langli til skulens elevar og dei frå barnehagen som hadde funne vegen.

Aasen-initiativet viktig

Initiativtakar Eirik Andrè Hesthamar seier dette om korleis dei fekk ideen til storsatsinga:

– Etter at Tommy Aasen sette i gang med Redd Barna-cupen her ute for fire år sidan har me hatt god kontakt med Redd Barna. Så slo det oss at samarbeidet kunne utvidast. Redd Barna sit på god kompetanse når det gjeld korleis best mogleg følgja opp born innan idrett. Den kompetansen følte eg me måtte få dra fordel av, seier Hesthamar.

Torsdag signerte skulen, barnehagen og idrettslaget avtalen med Redd Barna om felles front mot mobbing, trakassering og seksuelle overgrep. Innanfor desse temaa er det også fokus på å læra borna godt nettvett i sosiale medium.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avtalen som vart signert er i stor grad den same som eliteserielaget Strømsgodset underteikna med Redd Barna i fjor vinter.

– Me synest det er utruleg flott at ein heil krins engasjerer seg så tungt i desse vkitige temaa. Me lovar no å bidra med kompetanse og skulering både i barnehage, skulen og for dei frivillige i idrettslaget, seier Elin Langli i Redd Barna.

Avtalen ho og dei tre representantane frå Øyane underteikna torsdag, strekkjer seg ut 2020.

Venebenk

Både barnehageborna og elevane ved skulen fekk sjansen til å seia litt om kva dei legg i det å bry seg om kvarandre, og unngå mobbing og trakasering.

Mariell og Patrick frå barnehagen snakka varmt om at ein måtte vera flink tilå spørja andre om dei ville vera med og leika, medan Hilde og Karen frå elevrådet på skulen fortalde om venebenken.

– Me har ein regnbogefarga benk som me kallar «Venebenken». Denne står ute på plassen og er til for dei som kjenner seg einsame, eller ikkje har nokon å vera med. Når me ser nokon sitja seg der, så gjeld det å gå bort til dei, ta kontakt, få dei med på leik. Eller berre prøva å muntra dei opp att, fortalde Hilde og Karen.

– Den benken dykkar var super. Den idèen skal eg ta med meg tilbake til Oslo og presentera for skulane me samarbeider med der, kommenterte Langli like etter.

Ny Redd Barna Cup

Eirik Andrè informerte vidare om at Tommy Aasen, som dessverre ikkje kunne vera til stades torsdag, av ulike grunnar ikkje kan ta på seg ansvaret med å arrangera Redd Barna-cup lengre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det synest me er veldig synd, men me forstår han. Han er ein ung mann og er oppteken med studium. Uansett synest idrettslaget at det han har fått i gang er så bra, at me tek på oss ansvaret med å laga ny cup til sommaren. Redd Barna-cupen her ute er som ein ekstra 17. mai-dag. Ein dag me alle er blitt glade i, sa Hesthamar til applaus frå dei frammøtte.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no