Desse systrene kan velta kommunesamanslåinga
Ordførarane trur opphavsretten til Liv Grete og Ann Elen Skjelbreid kan bli eit hett tema i fellesnemnda. Men fyrst snur Fusa-damene Kvinneforeningen på hovudet.
Advarsel: Det kan vera lurt å skru ned volumknappen før du startar dagens podcast.
Få med deg kva skiskytaressa Liv Grete og Ann Elen Skjelbreid fortel om flørting i langrennssporet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg veit ikkje kva vi skiskytarar eigentleg fell for hos kvarandre, for det er jo ingen som ser tomare ut i blikket enn ein som går over mål etter å ha gått ein mil på ski, ler Ann Elen.
Systrene fortel også om kor vanskeleg det er å finna roen på tur med ungane, sjølv om dei for lengst har lagt opp som aktive toppidrettsutøvarar.
– Det er grusomt å vera ute i løypa og sjå ein rygg. Eg blir berre dratt mot han og må forbi, seier Ann Elen.
Korleis problemstillinga artar seg i trafikken, vil dei ikkje kommentera.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no