Det viktigaste er å invitera nokon på middag, ikkje å servera ti rettar og stå på kjøkenet i dagesvis.
Det viktigaste er å invitera nokon på middag, ikkje å servera ti rettar og stå på kjøkenet i dagesvis.

Happy Thanksgiving: Meir enn kleine familiemiddagar

I dag feirar USA Thanksgiving. Kan vi også, please?

KOMMENTAR:

Historia om Thanksgiving byrja våren 1621 i Plymouth, Massachusetts.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter mange år som slave i England, hadde indianaren Squanto endeleg fått reisa heim. Berre for å oppleva at heile stammen hans i mellomtida hadde døydd av sjukdom. Squanto, som snakka flytande engelsk, vart buande åleine i skogen.

Samtidig hadde engelske nybyggjarar lagt bak seg to beinharde vintrar. No hadde forsyningane frå moderlandet svikta, og det var både matmangel og svolt. Berre halvparten overlevde. Desse trong desperat hjelp før neste vinter.

Lærte å dyrka mais

Ved eit lukketreff vart så immigrantane kjende med Squanto.

Legenda fortel at han lærte dei å fanga ål, hummar og anna vilt.

Og dei dyrka mais. Frå eit 80 mål stort areal kunne dei nokre månader seinare hausta ei rik avling.

Både nybyggjarar og indianarar feira og takka Gud for maten. Vinteren var sikra.

Viktigare enn jul

Dei neste 250 åra var det få som feira Thanksgiving.

Ikkje før president Lincoln i 1863 valde å innføra ein nasjonal fridag. Litt etter litt vaks feiringa til å få det omfanget og den posisjonen han har i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thanksgiving vert no rekna som den viktigaste høgtida i USA. Den er ikkje lenger rekna som ei religiøs høgtid, men eit uttrykk for takksemd.

Kleine familiemiddagar

Dei fleste av oss kjenner Thanksgiving frå amerikanske filmar. Det handlar gjerne om desperate forsøk på å koma seg på eit fly heim i tide, kleine familiemiddagar der den nye kjærasten ikkje passar inn eller kor uendeleg einsamt det er å sitja på eit universitet åleine medan resten av familien et kalkun ilag på andre sida av landet. Eg har sjølv vore så heldig å bli invitert vore på nokre Thanksgiving-middagar hos amerikanske vener. Mengda mat og talet på rettar er overveldande. Og pai-kombinasjonen av noko så uventa som marshmallow og søtpotet, gløymer ein i alle fall aldri.

Halloween?

Men endå meir inntrykk gjer det når kvar og ein som sit kring bordet fortel kva dei er takksame for.

Ja, det er kanskje litt flaut, men eg tenkjer at vi har godt av det.

Få av oss kan skryta at vi takkar for mykje for ting. Så mitt enkle spørsmål er, kvifor Halloween og ikkje Thanksgiving? Eg har for lengst godteke, mest fordi ungane mine synest det er så utruleg stas, at Halloween må feirast med brask og bram. Men Thanksgiving, som er ein takkefest gjennomsyra av gjestfridom, den er liksom ikkje bra nok?

Eg er ingen meisterkokk. Ikkje er eg oppvaksen med amerikanske kalkuntradisjonar heller. Og den tredje torsdagen i november er førebels ikkje nokon offentleg fridag i Noreg. Men det går vel an å feira Thanksgiving på sin eigen måte?

Pizza og takking

Herved erklærer eg difor at eg til helga skal feira Thanksgiving på annemarie-vis.

Javel, så blir det kanskje berre heimelaga pizza, men det går vel an å invitera nokon på middag likevel?

Artikkelen held fram under annonsen.

Og berre for nokre timar kan eg vel unna meg ein pause frå all klaginga eg driv med resten av året, og heller takka for det eg trass alt har.

anne-marie@osogfusa.noe