Anette og Tore Kleppe bur på Hjelle, men deira eigentlege heim er på stadion på Kuventræ.
Anette og Tore Kleppe bur på Hjelle, men deira eigentlege heim er på stadion på Kuventræ.

Hyllar ekteparet Kleppes dugnadsinnsats

Supportergeneral Tore Kleppe kler seg gjerne ut som ein teletubbie for å skapa stemning på Kuventræ, medan kona Anette er sjef i kiosken.

Minst fem dagar i veka jobbar Tore og Anette Kleppe dugnad på Kuventræ for Os Turn.

– Vi vart frivillige for å støtta opp om gutane våre då dei byrja å spela fotball. Sidan har vi blitt verande, fortel dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mang ein fotballpode har gått med ryggen rak frå kamp på Kuventræ etter å ha blitt utropt av speaker Tore Kleppe til banens mest hardtarbeidande eller kampens beste keeper.

Og kor mange liter vaffelrøre Anette har steikt dei siste ti åra, anar ho ikkje.

– Difor startar vi kronerulling for å få ein heilfigur av Tore Kleppe i bronse på det nye idrettsanlegget, seier Stine Kobbeltvedt i Kvinneforeningen.

– Han kan stå i rundkøyringa, men kanskje har vi berre nok til å få støypt leggane i fyrste omgang, meiner Kleppe.

Kunstnar Arne Mæland er klar til å gå i gang, om Kvinneforeningen greier å samla inn kr. 300.000.

Kona Anette har gitt beskjed at ho ikkje ynskjer mannen avstøypt i teletubbie-kostyme.

– Puh, det sparer oss for 100.000 kroner, seier Kobbeltvedt letta.

anne-marie@osogfusa.no