Ingen tvil om at denne gjengen er klar til innsats.
Ingen tvil om at denne gjengen er klar til innsats.

Innta startposisjonane – klar, ferdig, løp!

Kring 140 born stilte til start i Osløpet i føremiddag. Alle gav alt, og meir til.

Like etter klokka 12 gjorde første pulje i Osløpets barneløp seg klare til start på torget på Osøyro.

Éin etter éin vart borna i alderen 3–6 år ropte opp. Deretter stilte dei seg på startstreken, og i det startpistolen lydde, freste dei avgarde i regnklede, parkdressar og treningstøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vêret var ikkje av det beste, men tunge regndropar og vind la overhovud ingen dempar på stemninga i feltet. Her var det full gass frå første stund.

Mona Riis Gulbrandsøy (6) er med i Osløpet for andre gong. Ho skulle eigentleg løpa i lag med kusina Anna Sunde Gulbrandsøy (5), som hadde teke turen frå Stavanger, men då startskotet gjekk, slo konkurranseinstinktet inn. Dermed vart det andreplass på Mona.

– Det var kjekt å løpa, men òg litt slitsamt, fortel dei to kusinene.

Og der gjekk startskotet...
Og der gjekk startskotet...
Jonas Øvredal Erdal var førstemann over målstreken i det første heatet. Like bak han kjem Mona Riis Gulbrandsøy.
Jonas Øvredal Erdal var førstemann over målstreken i det første heatet. Like bak han kjem Mona Riis Gulbrandsøy.
Christian Bøthun Sulen (4) er godt nøgd med innsatsen.
Christian Bøthun Sulen (4) er godt nøgd med innsatsen.
Ein liten gjesp må til, men stemninga på startstreken er god.
Ein liten gjesp må til, men stemninga på startstreken er god.
Ulrik Boge-Torsvik suste forbi konkurrentane, og vart først i mål.
Ulrik Boge-Torsvik suste forbi konkurrentane, og vart først i mål.
Litt godt å vera ferdig også.
Litt godt å vera ferdig også.
Ellen Toft (5) hadde også formen inne til Osløpet.
Ellen Toft (5) hadde også formen inne til Osløpet.
Det gjeld å sikra seg ein god posisjon i feltet når startskotet går.
Det gjeld å sikra seg ein god posisjon i feltet når startskotet går.
Dei yngste løparane ventar spent på å få utdelt medaljane.
Dei yngste løparane ventar spent på å få utdelt medaljane.
Kusinene Anna Sunde Gulbrandsøy (5), Mona Riis Gulbrandsøy (6) og Ada Gulbrandsøy (10) etter fullført løp.
Kusinene Anna Sunde Gulbrandsøy (5), Mona Riis Gulbrandsøy (6) og Ada Gulbrandsøy (10) etter fullført løp.
Alvilda (5) og Aurora Alvheim Skåtøy (3) med medaljene sine rundt halsen.
Alvilda (5) og Aurora Alvheim Skåtøy (3) med medaljene sine rundt halsen.

– Løp åleine heile vegen

Aurora Alvheim Skåtøy (3) og storesøstera Alvilda (5) deltok også i den yngste barneklassen i Osløpet. Søstrene var med for første gang, og synest det var stor stas.

– Eg løp åleine heile vegen, utan å halda i handa. Pappa løp bak meg, fortel 5-åringen.

Etter at dei yngste hadde fullført sitt løp, var det tid for deltakarane i alderen 7 til 9 år. Deretter stod 10–12-åringane for tur.

Når alle var komne i mål, var det tid for medaljeseremoni. Alle som deltok fekk medalje. I tillegg kunne borna velja seg ein liten ekstrapremie som takk for den flotte innsatsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no