Etter mange års pause, våga The Untouchabl(u)es seg ut på scena igjen, til stor begeistring frå dei frammøtte.
Etter mange års pause, våga The Untouchabl(u)es seg ut på scena igjen, til stor begeistring frå dei frammøtte.

– Kvifor i all verda har vi venta så lenge med dette

The Untouchabl(u)es hadde ikkje spelt mange tonar, før dansegolvet på Øyro var fullt av danseglade folk som mimra tilbake til Fjellheim på 1990-talet.

Bluesbandet med Geir-Magne Johnsen Moberg i front gjorde comeback på kveldens Torgfest. Og det var nok fleire enn Johnsen sjølv som lurte på kvifor bandet hadde venta så lenge med å samlast igjen. Heile 12 år er det gått sidan førre konsert.

– Har taket det bra? Har fronten det bra? Har alle det bra, ropte Johnsen før han introduserte det som han kalla for bandet sin «one hit wonder».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kosar oss veldig

Årets Torgfest var velsigna med minst like bra vêr som i fjor. Publikum var minst like glade og musikken minst like bra.

Då The Untouchabl(u)es gjekk på scena litt før klokka ni, hadde Vivillain, Ole Reinert Berg-Olsen aka ORBO og Gina Aspenes alt vore i elden.

– Vi kosar oss veldig, seier Ann-Elin Berge, Kari Solberg og Eva Størksen.

Gina Aspenes song både solo og i lag med The Untouchabl(u)es.
Gina Aspenes song både solo og i lag med The Untouchabl(u)es.
Anne Irene Stangeland var i år, som i fjor, først ut på dansegolvet. – Eg elskar å dansa, seier austevollingen.
Anne Irene Stangeland var i år, som i fjor, først ut på dansegolvet. – Eg elskar å dansa, seier austevollingen.
Då Gina Aspenes spela Whitney Houstons «I Wanna Dance With Somebody» fekk Stangeland selskap frå fleire.
Då Gina Aspenes spela Whitney Houstons «I Wanna Dance With Somebody» fekk Stangeland selskap frå fleire.
– Fantastisk. Alt er heilt supert, meiner Ann-Elin Berge, Kari Solberg, Eva Størksen og Rune Berge. Svigersonen til ekteparet Berge, Pål Stokka (t. v.), er av det sjenerte slaget.
– Fantastisk. Alt er heilt supert, meiner Ann-Elin Berge, Kari Solberg, Eva Størksen og Rune Berge. Svigersonen til ekteparet Berge, Pål Stokka (t. v.), er av det sjenerte slaget.
Bergensbandet Vivillain opna ballet på Øyro.
Bergensbandet Vivillain opna ballet på Øyro.
ORBO hadde med seg fusingen Håvard Grøndal Skåtun på scena.
ORBO hadde med seg fusingen Håvard Grøndal Skåtun på scena.
Falco Alexander Walravens steiker lappar til svoltne gjester. – Det er godt med litt mat i magen. Då held ein ut lenger, påpeikar han.
Falco Alexander Walravens steiker lappar til svoltne gjester. – Det er godt med litt mat i magen. Då held ein ut lenger, påpeikar han.
Ann Helen Rein, Ann Helen Bjoarvik og Kine Sælen Hatlelid er nøgde med å funne seg eit bord.
Ann Helen Rein, Ann Helen Bjoarvik og Kine Sælen Hatlelid er nøgde med å funne seg eit bord.
Tom Lerpold og Eva Fløysand flytta til Os for to år sidan. No sjekkar dei ut livet på Øyro.
Tom Lerpold og Eva Fløysand flytta til Os for to år sidan. No sjekkar dei ut livet på Øyro.
Mange møtte opp tidleg for å sikra seg gode plassar til Torgfesten. Det er selt dobbelt så mange billettar til årets fest som i fjor.
Mange møtte opp tidleg for å sikra seg gode plassar til Torgfesten. Det er selt dobbelt så mange billettar til årets fest som i fjor.
Geir-Magne Johnsen Moberg og Tord Søfteland er blant travarane i The Untouchabl(u)es.
Geir-Magne Johnsen Moberg og Tord Søfteland er blant travarane i The Untouchabl(u)es.

– Når det skjer noko i bygda, stiller vi. Dessutan er det høgkvalitet på heile arrangementet. Alt er heilt supert, legg Berge til.

Damene vedgår at dei gler seg litt ekstra til gjensynet med The Untouchabl(u)es, men...

– Vi hadde vore her uansett, seier dei.

Trekløveret var langt frå dei einaste som naut vêret, folkelivet og musikken på Øyro. Tom Lerpold og Eva Fløysand flytta frå Åsane til Os for to år sidan. I kveld var dei på Torgfest for første gang.

– Vi må få med oss det som skjer, men vi er litt skuffa over vêret. Det regnar jo ikkje, seier Lerpold og smilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kine Sælen Hatlelid, Ann Helen Bjoarvik og Ann Helen Rein har sikra seg eit bord på første rad. Då dei kom var det ingen sitteplassar ledig.

– Heldigvis fann Bjarte (Andersen, dagleg leiar på Catten) bord og stolar til oss, seier dei nøgd.

Dobbelt så mange som i fjor

I fjor var det nesten 300 gjester på Torgfesten på Øyro. I år er det dobbelt så mange.

– 600 billettar er selte, fortel sentrumssjef William Lindborg.

Lindborg synest kvelden har gått veldig bra.

– Folk kom tidleg, og det ser ut som om dei har hatt det kjekt heile tida. Veldig gøy at folk dansa framføre scena då The Untouchabl(u)es spela, seier han.

camilla.kvamme@osogfusa.no