Per Henrik og Marie Lunde Bruarøy lettar på sløret om støvsuging med ordførarkjede og hemmelege kallenamn.
Per Henrik og Marie Lunde Bruarøy lettar på sløret om støvsuging med ordførarkjede og hemmelege kallenamn.

- Me er blitt saloon-eigarar!

Møt ekteparet Marie og Per Henrik Lunde Bruarøy - som midt oppi valkamp, sauehald og kranglar om røykvarslarar og jakt, også er blitt ferske salooneigarar.

– Eg var skikkeleg sur då han kom heim etter over ei veke på Hardangervidda, seier ordførar Marie Lunde Bruarøy og ser bort på ektemannen Per Henrik.

– Men eg hadde mine triks for å få deg blid att, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein frittalande Per Henrik kan også fortelja at han støvsugar huset kun iført Maries ordførarkjede(!).

– Så viss Søviknes vil ha det att etter valet må han koma ein dag eg ikkje ryddar.

Litt alvor er det også plass til. For korleis er det å vera gift med ein som vert truga på livet? Per Henrik var offshore då Marie fekk drapstrugslar i Hamnesjefen-saka.

– Eg visste ikkje om vedkomande som truga var i Oslo eller stod utanfor vindauget til ungane. Eg var ikkje direkte redd - for Marie har bein i nasa - men tøft var det.

anne-marie@osogfusa.no