Liv Berit, Ludvig, Konrad, Theodor og Vermund er både brune og blide.
Liv Berit, Ludvig, Konrad, Theodor og Vermund er både brune og blide.

Sjubarnsfamilien frå Søfteland refinansierte huset for å få råd til Spania-draumen

Liv Berit Kallekleiv og Vermund Vedøy gjorde det vi andre ikkje vågar. Her fortel dei korleis.

I sommar flytta Liv Berit Kallekleiv og ektemannen Vermund Vedøy frå Søfteland til Torrevieja på den spanske solkysten. I eitt år skal dei bu her saman med dei tre yngste, Theodor (15), Ludvig (13) og Konrad (11), av tilsaman sju born.

Men korleis får ein så tid og pengar til å gjera noko slikt?

Artikkelen held fram under annonsen.

La oss ta jobb og inntekt fyrst.

IT-arkitekt Vermund har ein jobb som strengt tatt kan gjerast kor som helst. Ved hjelp av heimekontor og ein løysingsorienterte arbeidsgjevar, har han løn som vanleg og jobbar frå heimekontor i varmen.

Liv Berit er nyutdanna journalist, men skal ikkje vera i løna arbeid det komande året.

Vermunds arbeidsplass og arbeidsantrekk skil seg frå det vi er vane med.
Vermunds arbeidsplass og arbeidsantrekk skil seg frå det vi er vane med.
Å kunna sjå sjøen vart avgjerande for kjøpet av La Casa Nuesita, det vesle huset.
Å kunna sjå sjøen vart avgjerande for kjøpet av La Casa Nuesita, det vesle huset.
Theodor framfor familiens hus.
Theodor framfor familiens hus.

– Eg skal syta for at hus og heim går rundt, og kanskje frilansa litt som skribent, fortel ho.

Samtidig vert tre av dei fire eldste, Mathilde (22), Phillip (21) og Niklas (19), buande i familiehuset heime på Søfteland. Dermed kan dei leiga ut hageleilegheita si utan å skatta for det.

Sistemann Oskar (17) har flytta inn hos besteforeldra på Austevoll.

Refinansierte huset

Huset som vart bygd i 2001 for om lag 2 millionar, er idag verdt meir enn det dobbelte. Ved hjelp av refinansiering fekk dei råd til å kjøpa hus i Spania. Det spanske lånet er innanfor 60 prosent av kjøpesummen.

– Vi trur det er ei god investering og har eit håp om at huset på sikt kan vera til glede for resten av familien også, seier Liv Berit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fem «spania-fararane» beheld også alle rettar i Folketrygda, så lenge dei berre skal bu eitt år i utlandet.

Liv Berit og Vermund byrja leika med ideen om å bu utenlands med borna for snart 20 år og fleire ungar sidan.

– Det handla om å gje oss og borna litt perspektiv, men også om rein eventyrlyst, fortel Liv Berit.

Inspirert av TV-program

At valet til slutt fall på Spania, heng kanskje saman med dei mange TV-programma ho har sett om britar som kjøpte seg draumehus i sola for ein slikk og ingenting.

Etter finanskrisa i 2008 sank nemleg bustadprisane til eit botnnivå.

– Då banken gav tommel opp til refinansiering av huset vårt på Søfteland, vågde vi for fyrste gong å tenkja tanken fullt ut.

I fyrste kvartal av 2019 var bustadprisane i Torrevieja i snitt 43,7 prosent lågare enn toppnivået for kring 10 år siden.

Sjølv om den norske krona i dag er svak i forhold til euroen, får ein likevel mykje for pengane samanlikna med Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiga eller kjøpa?

Liv Berit og Vermund brukte lang tid på å bestemma seg for om dei skulle kjøpa eller leiga.

– Rådet vi fekk var å leiga hus før vi kjøpte. Då kunne vi testa området og sjå om vi likte oss.

Det løner seg heller ikkje å eiga i eitt år for så å selja igjen.

Ville unngå sure husvertar

Samtidig med at dei spanske bustadprisane har gått ned, har leigeprisane gått kraftig opp.

I fylgje spaniaposten.no har leigeprisane i snitt auka med 50 prosent dei siste fem åra.

Auka sysselsetjing kombinert med låge lønningar, gjer at spesielt unge ikkje har råd til å kjøpa, men heller må leiga dyrt. Dei låge lønningane heng også saman med eit relativt lågt utdanningsnivå.

At utanlandske investorar har kjøpt mykje eiendom for å tena penger på utleige, gjer det ikkje lettare. Noko den spanske regjeringa prøver å regulera, men ting tek som kjent tid.

Liv Berit og Vermund landa til slutt på kjøp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er glad i å få besøk, og vi ville skapa trygge rammer og ei kjensle av «heime» for borna våre. I tillegg ville vi sikra oss mot sure husvertar i tilfelle det kom 10 personar på besøk samtidig, ler ho.

Unngå fallgruvene

Fallgruvene ved huskjøp i utlandet er mange. I Spania må ein vera budd på ein god del byråkrati og ulike skattar ved kjøp eller sal av bustad.

I fylgje Liv Berit bør ein leggja inn ein buffer på 13-15 prosent i tillegg til kjøpesummen.

Heller enn å kjøpa på eiga hand, valde Søfteland-familien å nytta seg av eigedomsmeklarfirmaet Spaniamegler1. Dermed tok meklar og spanske advokatar seg av papirmølla.

– Ja, det kostar litt, men å få hjelp av advokatar som kjenner systemet og snakkar språket, er vel verdt det. Ting tek som sagt tid her nede, og om eitt papir manglar, kan det ta lang tid før du får tilbakemeldinga som gjer at du kan ordna opp i det.

Paret såg på hundrevis av hus på nettet før dei kontakta meklarane. Ynsket var fire soverom, eit kjøkken stort nok til å laga middag på, symjebasseng og ein uteplass der alle kunne eta ilag.

Nærleik til sjø og eit lite bysamfunn var eit ynske, men ikkje noko krav. Dei bestemde seg for ein makspris på 1,5 millionar kroner.

Ikkje kjøp usett

– Eg anbefaler verkeleg ikkje å kjøpa hus usett. Det var noko heilt anna å sjå husa eg hadde sett bilete av på nettet, i levande live, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjelpa frå meklar vart også avgjerande for Liv Berit og mannens husjakt.

Dette fordi svært mange av husa er blitt bygd om undervegs, utan at det er gitt offentleg løyve. Nokre har gjort halve stova om til soverom, andre har sett glasvegger over solariet på taket. Nokre har også gravd seg ein kjellar (!).

– Vi såg på nokre hus med kjellarløysingar utan vindauga. Meklar fortalde at ein slik kjellar nyleg hadde rast saman. Slike ting er vanskeleg å finna ut av om ein ikkje er lokalkjend.

– Ingen av husa vi hadde på lista var heilt slik vi trudde på førehand.

Til slutt kjøpte dei eit hus som meklar hadde funne.

Dei fekk basseng, men må dela med resten av nabolaget.

– Det går heilt fint. Å ha seitt eige er både dyrt og krevjande med tanke på vedlikehald.

– Sidan litt av motivasjonen med å vera her er å bli meir sosiale, er det berre kjekt å møta på ein nabo eller to når ein tek morgondukkerten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Buffer av tid og pengar

– Kva er ditt beste råd til andre som vil ta eit år i Spania?

– Ha ein god buffer for både tid og pengar. Start tidleg, og om du synest det går treigt, så er det lurt å purra. Elles risikerer du at ting stoppar opp.

Ho anbefaler også at ein blir medlem av ulike Facebook-forum i god tid før du bestemmer deg for å flytta. Hugs å bruka søkefunksjonen på desse sidene for nokre spørsmål har blitt stilt mange gonger før.

Husprisane nær sjøen er naturleg nok høgare enn elles i Spania.

– Om ein er på jakt etter noko meir autentisk, og gjerne litt rolegare, kan det vera lurt å venda blikket mot de små landsbyane inni landet. Kva med eit småbruk, eller fincaer, der ein kan dyrka appelsiner, druer eller oliven?

Hugs berre at avstanden til butikkar og naboar kan verta større.

Born og skule

Ei av dei viktigaste årsakene til at Liv Berit og Vermund valde Torrevieja, var skule.

Etter å ha skrive dei tre yngste ut av Os ungdomsskule og Søfteland skule, var planen å undervisa dei heime i Spania.

– Men så oppdaga vi at heimeskule faktisk er ulovleg her nede, fortel Liv Berit.

Heldigvis er det både skandinaviske, internasjonale, spanske og norske skular i området der dei bur.

Etter veldig gode anbefalingar i ulike FB-forum, valde dei Den Norske Skolen i Rojales for Skulen har 180 elevar og tilbyr syskenmoderasjon for andre og tredje barnet.

– Når vi berre skal vera her eitt år, er det fint med norsk skule, seier ho.

Kostar å vera kar

Gratis er det likevel ikkje. Dei betaler 445 euro (omlag 4.500 kroner journ. mrk) i månaden for tre born. Sidan det ikkje går skulebuss, har dei vald å kjøpa seg ein liten bil.

I tillegg til skulepengar og bil, har dei også investert i stort kjøleskap og fleire senger. Slik må det vera når ein har stor familie.

– Møblar er dyrt i Spania i forhold til billigkjedene heime, men er til gjengjeld av god kvalitet.

Elektrisitet og vatn er ein god del dyrare enn i Noreg. Billegare enn å kjøpa vatn, er det å kjøpa filtreringsanlegg til springen.

– Det kan vera lurt å hugsa på når ein set aircondition på full fres døgnet rundt, ler ho.

Familien har installert breiband, noko som ikkje er standard. Dette fordi Vermund har heimekontor og med det forsørgjer heile gjengen.

Matvareprisane er lågare enn heime, men importerte varer er naturlegvis dyrare enn lokale.

– Er det slik at ein ikkje klarer seg utan Norvegia og brun saus, så får ein tak i det, men det kostar skjorta.

Liv Berit synest det er eit godt alternativ å handla på dei mange, faste marknadane.

Her kan du handla alt av grønsaker, frukt, egg og kjøt. På fredagsmarknaden i Torrevieja kostar ein kilo parmesan-ost 100 kroner.

– Berre det åleine er jo god nok grunn til å flytta, ler Liv Berit.

anne-marie@osogfusa.no