Valter stilte med ball til 1350 kroner og fullt keeperutstyr. Dermed sette karane likesågodt i gang med å trena redningar i Os & Fusaposten lokale.
Valter stilte med ball til 1350 kroner og fullt keeperutstyr. Dermed sette karane likesågodt i gang med å trena redningar i Os & Fusaposten lokale.

Vil starta Bjørnafjorden FK med Liv Grete på laget

Valter Midtsæter og Brynjar Øvstedal har vore sinte i fleire dagar etter den dramatiske nedrykkskampen på Kuventræ sist helg.

Laurdag kveld stod Brynjar Øvstedal på ein terrasse i Nordmarka og brølte «Gary Speed». Eit kjent fotballnamn frå favorittklubben Leeds FC.

– Eg var så sint. Eg var sint i fleire dagar, seier Brynjar om den noko spesielle sinnemeistringsterapien etter Os` nedrykk same dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karane ristar på hovudet over moderklubbens innsats mot Brattvåg laurdag. Men alt er gløymt, i alle fall for nokre timar, når Kvinneforeningen serverer trøystekake med sjokolade.

– Vi bør starta eit nytt lag saman med fusingane. Det kan heita Bjørnafjorden FK og Liv Grete Skjelbreid må vera med som trenar, meiner Valter.

Veit du forresten kva Brynjar gjorde då han vart tissetrengt under ein fotballkamp? Valter har detaljane i dagens podcast.

Kven har lengst? Ingen tvil om at Brynjar er høgst, men kven har dei lengste keeper-hendene?
Kven har lengst? Ingen tvil om at Brynjar er høgst, men kven har dei lengste keeper-hendene?
Stine (t.v.) og Anne Marie trur volumrekorden frå sist vekes Skjelbreid-episode vart knust av desse høglytte karane.
Stine (t.v.) og Anne Marie trur volumrekorden frå sist vekes Skjelbreid-episode vart knust av desse høglytte karane.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no